Miljøkoordinator

Elevar som lagar mat

Miljøkoordinator er med på å leggje til rette for eit trygt og godt skulemiljø.

Som miljøkoordinator har vi tre hovudarbeidsområde:

 Førebyggjande arbeid

  • ta initiativ til og fremje tiltak for å auke trivsel og styrke miljøet ved skulen.
  • ha særleg søkjelyset retta mot tiltak som motverkar mobbing, vald, rasisme og rusmiddelbruk.

Kontaktskapande arbeid

  • skape best mogeleg kontakt mellom elevane og skulen.
  • stimulere til aktiv deltaking i skulesamfunnet.
  • stimulere til elevengasjement i opplæringa.

Sosialpedagogisk arbeid

  • hjelpe elevar til å finne seg til rette på skulen.
  • yte hjelp til elevar som har personlege vanskar, sosiale vanskar.

Miljøkoordinator

Vi er også tilgjengelege i sosiale medium:

Snapchat: miljo-moy                 Instagram: moy_vgs               Teams: MOY-Alle                                                                                    

Om du ikkje finn miljøkoordinator på kontoret, ta gjerne kontakt på chat