Hopp til hovedinnhold

Fråvær frå skulen

Informasjon til elevane og føresette om fråvær og fråværsreglar for elevar ved Førde vgs

Reglane om fråvær finn du i forskrift til opplæringslova, sjå særleg §§ 9-8 og 9-53. Sjå òg Utdanningsdirektoratet sine heimesider for meir informasjon om fråværsreglane i mellom anna eige rundskriv.

Melding av fråvær

Eleven skal alltid melde fråvær i VIS og oppgje årsak til fråværet

Legeattest ved kronisk sjukdom

Elevar med kronisk sjukdom skaffar legeattest før skulestart, eller i løpet av dei første vekene av skuleåret. Attesten bør seie noko om kor stort omfang av fråvær ein kan forvente at sjukdommen vil medføre, og om eventuelle tilretteleggingstiltak det er behov for. Legeattesten er dokumentasjon for fråvær knytt til kronisk sjukdom, men fråværet vil framleis reknast som fråvær i faga opp til fråværsgrensa på 10%. Når fråværsgrensa i fag eventuelt vert passert kan elevar med legeattest for kronisk sjukdom framleis nytte eigenmelding som dokumentasjon i Inschool. Eleven melder fråværet med meldinga «kronisk sjukdom».

Ved kronisk sjukdom kan elevar søke om at inntil 10 dagar fråvær knytt til sjukdommen ikkje skal førast på vitnemålet.

Dokumentasjon ved langvarig sjukdom

Ved langvarig sjukdom – dvs. frå og med 4. dag (samanhengande) kan eleven søke om at inntil 10 dagar fråvær knytt til sjukdommen, frå og med 4. fråværsdag, ikkje skal førast på vitnemålet. Langvarig sjukdom kan meldast frå eleven ved eigenmelding om grensa for fråvær i fag(a) ikkje er passert. Om fråværsgrensa er passert må eleven skaffe legeattest og levere denne til kontaktlærar.

Anna fråvær som ikkje skal førast på vitnemålet

Ved anna fråvær som er omfatta av 10-dagarsregelen for fråtrekk på vitnemålet informerer eleven kontaktlærar, og skaffar den dokumentasjon som er naudsynt. Når fråværet er sett dokumentert av kontaktlærar kan eleven søke i Inschool om at fråværet ikkje skal førast på vitnemålet.

Trafikkopplæring, legetimar, avtalar med elevtenesta med meir

Ved tryggleikskurs på bane og andre, tredje del av tryggleikskurs på veg, førarprøve klasse B, og ved legetimar, tannlegetimar og andre tilsvarande avtalar med helsetenesta eller elevtenesta på skulen ber eleven om å få dokumentasjon på oppmøte og leverer denne til kontaktlærar.

Eigenmelding inntil 10% fråvær i faga

For anna fråvær nyttar elevar eigenmelding opp til 10%. Det er ikkje naudsynt med dokumentasjon frå lege. Om dokumentasjon frå lege eller anna helsepersonell ligg føre, vil fråværet framleis reknast som fråvær i faga opp til fråværsgrensa på 10%. Når fråværet i eit fag passerer 5% vil eleven få varsel i faget.

Nytt varsel med krav om dokumentasjon ved 10% fråvær i fag

Når nytt fråvær vil medføre at eleven kan kome over 10% fråvær får eleven nytt varsel frå faglærar som inneheld formuleringa: «Ved ytterlegare fråvær vil du passere fråværsgrensa i faget, og vil derfor ikkje kunne få standpunktvurdering. Eventuelt framtidig fråvær må no dokumenterast.» Dersom eleven blir sjuk etter å ha fått slikt varsel, legg eleven dette varselet fram for legen og vil då kunne få dokumentasjon for sjukefråvær etter konsultasjon med lege. Eleven sender dokumentasjonen til kontaktlærar.

Sjå meir informasjon i fylkeskommunen sitt fråværsreglement