Hopp til hovedinnhold

Helse og oppvekst - studieførebuande

Bilete viser ein smilande gjeng elevar frå helse og oppvekst

Ser du for deg ei framtid som barnehagelærar, sjukepleiar, sosionom, fysioterapeut eller liknande? Helse og oppvekst – studieførebuande er eit godt val for deg som ønskjer høgare utdanning innan helse- og oppvekstsektoren.

Helse- og oppvekstfag - studieførebuande er eit nytt tilbod ved Førde vidaregåande skule. Tilbodet er eit treårig tilbod der du får programfaga frå vg1 Helse og oppvekst, vg2 Helsefagarbeider i ein kombinasjon med fag frå studiespesialiserande

Tilbodet er for deg som ønskjer ei meir praktisk og fagleg tilpassa opplæring på vegen mot generell studiekompetanse. Du får eit tilbod der programfag og fellesfag/påbyggfag er jamt fordel over dei tre åra

Dersom du ønskjer å studere vidare på høgskule eller universitet for til dømes å bli sjukepleiar, psykolog, sosionom eller liknande er dette eit tilbod til deg. 

Du som vel dette tilbodet bør like å arbeide med menneske. Du må kunne jobbe med menneske frå ulike kulturar og ulik livssituasjonar og du må kommunisere på ulike måtar avhengig av den du møter. Du bør ha omsorg med andre menneske og glad i å ta vare på andre. Du må kunne samarbeide med både pasient/brukar, pårørande, kollegaer og andre yrkesgrupper. 

Første året (vg1)

vg Helse og oppvekstfag - studieførebuande

Det første året har du faga Helsefremjande arbeid, Kommunikasjon og samhandling, Yrkesliv i Helse og oppvekstfag og Yrkefaglig fordjuping. 

Fellesfaga dette året vert matematikk, Norsk og kroppsøving

Du lærer meir om:

  • helse
  • kropp
  • hygiene
  • profesjonell samhandling
  • kommunikasjon
  • relevant lovverk
  • velferdsstaten

I faget yrkesfagleg fordjuping får ein praktisk opplæring i øvingsrom, og erfaring frå arbeid med menneske ute i bedrift.

 

Andre året (vg2)

VG2 Helsearbeiderfag - studieførebuande. 

Du fortset i klassen du starta med på vg1

Du har faga Helsefremjande arbeid og kommunikasjon og samhandling

Fellesfaga dette året vert Naturfag, matematikk, engelsk, norsk, kroppsøving, samfunnskunnskap

Du lærer meir om: 

  • Å bevare helse og livskvalitet hos menneske i alle aldrar
  • kommunikasjon og samhandling
  • konflikthandtering
  • Forebygging og helsefremjande tiltak
  • vanlege sjukdommar og skader hos born, unge og eldre
  • Smittevern
  • Førstehjelp
  • Velferdsteknologi

 

Tredje året (vg3)

VG3 Helsearbeiderfag - studieførebuande

Her fortset du i same klassen som på vg2. 

Du har faga Yrkesliv i Helsearbeidarfag og Yrkesfagleg fordjuping.

Fellesfaga dette året er norsk, kroppsøving, historie og eit valgt programfag for studiespesialiserande. 

 

 

 

Vegen vidare

Når du har fullført og bestått tre års skuleegang, får du generell studiekompetanse, og kan søkje opptak på høgskule eller universitet. Somme studium krev at du vel særskilte fag. For mange studium er det stor konkurranse om å komme inn. Det er karakterane dine og dei programfaga du har valt, som vil avgjere om du får starte på det studiet du ynskjer.

For å søke opptak til høgare utdanning gjer du gjennom samordna opptak. Her får du også informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studia.