Treng du ein koseleg plass å bu i løpet av skuleåret, er internatet på Mo ein ypparleg plass.
Internatet ved skulestad Mo har vore gjennom ei omfattande rehabilitering. Internatet har 60 hyblar fordelt på tre etasjar. Det blir servert 4 måltid for dagen, frå frukost måndag til og med middag fredag. Måltida blir serverte i skulen si kantine. Det er to kjøkken ( i 2. og 3.etasje), og desse blir flittig brukt i helgane og på kveldstid. På internatet er det også felles opphaldrom/stove med TV (1.etg). I kjellaren er det tilgjengeleg treningsrom, garderobeskap, vaskemaskin og tørkerom.
Frå måndag til torsdag vert kantina open mellom kl 07:15 til kl 15:45. Fredag er den open i tidsrommet kl 07:15- 13:45.
Det er tilsett eiga internatvakt som er til stades om kvelden og om natta for å ha tilsyn med elevane. Internatvakta er til stades frå kl 20:45 til morgon kl 07:00. Ho arrangerer også ein del sosiale arrangement for elevane som bur på internatet.
Skal du gå på skulestaden i sentrum går det skulebuss både morgon og ettermiddag. Dersom du er heimehøyrande i Sogn og Fjordane kan du søke om frikort til bussen.
Er du interessert i å bu på internatet? Ta kontakt: Tlf: 57 63 73 00. Send ein epost til post.forv@vlfk.no. Skriv namnet ditt og kva utdanningsprogram du skal starte på. Her finn du ei lenkje til informasjon om internatet på Mo, for ordensreglementet for internatet, og for hybelkontrakt. Fyll ut hybelkontrakten, signer- og returner kontrakten. Hybelkontrakten må signerast før innflytting. Dersom du er under 18 år, må føresette signere kontrakten.
