Kunst, design og arkitektur

Fotoet viser bilete av to elevarbeid: Eit utsnitt frå ein papircollage, og ein modell av ein benk

Er du kreativ og vil lære meir om design, formgjeving og visuelle kunstfag? Det kan du på Kunst, design og arkitektur. Den treårige utdanninga fører fram til generell studiekompetanse, og du kan dermed ta høgare utdanning på universitet eller høgskule.

Er du interessert i å teikne, male eller skape noko med hendene? Og ønskjer du å få studiekompetanse slik at du kan komme inn på høgskular og universitet? I så fall kan kunst, design og arkitektur (KDA) ved Førde vgs vere det rette utdanningsvalet for deg.

I bloggen til kunst, design og arkitektur (KDA) vil du sjå arbeid som elevane har jobba med på KDA, og få med deg intervju med tidlegare elevar:

BLOGG for Kunst, design og arkitektur i Førde

Namnet på programområdet skildrar godt det du vil få arbeide med: kunst (teikning, maling, skulptur, installasjonar m.m), design (grafisk design, layout, produktdesign, industridesign m.m), og arkitektur (3D-teikneprogram, perspektivteikning, bygge modellar av bygningar/hus, interiør m.m). Programområdet er studieførebuande. Førde vgs tilbyr vg1, vg2 og vg3 kunst, design og arkitektur.

Elevarbeid+grunnriss.jpg

Over: Interiørteikning/elevarbeid frå KDA i Førde, vg3. 

På vilbli.no finn du meir informasjon om programområdet Kunst, design og arkitektur

Installasjon i Førde med sykkel brukt som materiale

Over: Foto av ein sykkelinstallasjon laga av elevar frå KDA, i Førde 

 

Første året (vg1)

Det første året har du 5 timar med programfaget Kunst og visuelle verkemiddel, og 5 timar med Design og arkitektur.

I tillegg har du fellesfaga norsk, matematikk, naturfag, engelsk, 2. framandspråk og kroppsøving. 

Det er inntil 30 elevar i klassane i fellesfaga, men i programfagtimane blir klassen delt i grupper på 15. Førde vgs opnar opp med nye, flotte lokale hausten 2023. Her er det klasserom og verkstader som er "spesialsydd" til å arbeide med kreative fag. 

Du som vel Kunst, design og arkitektur bør vere glad i å teikne, vere kreativ, interessert i design, form og farge, opptatt av estetikk og interessert i å skape.

Elevarbeid frå KDA i Førde

Her kan du sjå nokre døme på elevarbeid som er utført på KDA i Førde:

Hovud utført i keramikkmateriale

Over: Hovud skulpturert i leire/keramikk, av elevar på KDA i Førde. Foto: Wenche Steinsvik

Elev med ein eigenlaga installasjon

Over: Installasjon av KDA-elev, utført i faget Kunst og visuelle verkemiddel. Priv. foto

To fabeldyr i tova ull, utført av elevar.

Over: Fabelfigurar utført i tova ull. Foto: Wenche Steinsvik

 

Andre året (vg2)

Det andre året har du 5 timar med programfaget Kunst og visuelle verkemiddel, 5 timar med programfaget Design og arkitektur, og 5 timar valfrie programfag.

I tillegg har du fellesfaga norsk, matematikk, samfunnskunnskap, historie, geografi, 2.framandspråk og kroppsøving.

På vg2 kan du velje mellom følgjande valfrie programfag: 

  • Foto og grafikk
  • Design og berekraft
  • Samisk visuell kultur
  • Arkitektur og samfunn
  • Kunst og skapande arbeid.
Bruk av programmet sketch up til utforming av arkitektur og interiør

Over: Elevarbeid i faget Design og arkitektur. Program: Sketch up. Foto: Svein Myklebust

Menydesign i 50-tals stil, utført av ein elev på KDA

Over: Menydesign i 50-talsstil laga av elev frå KDA i Førde. Foto: Mona Fossdal

Akvarell i grøntonar, utført av ein elev

Over: Elev på KDA i Førde som maler med akvarell. Foto: Karoline Vie

Tredje året (vg3)

Det tredje året har du 5 timar med programfaget Kunst og visuelle verkemiddel, 5 timar med Design og arkitektur, og to ulike valfrie programfag på 5 veketimar kvar. 

I tillegg har du fellesfaga norsk, religion og etikk, historie og kroppsøving. 

På vg3 har du to ulike valfrie programfag. Ved Førde vidaregåande skule kan du velje mellom desse programfaga: 

  • Foto og grafikk
  • Design og berekraft
  • Samisk visuell kultur
  • Arkitektur og samfunn
  • Kunst og skapande arbeid

NB: Dersom du ikkje hadde framandspråk på ungdomstrinnet må du ta framandspråk som fellesfag på VG3 i staden for det eine valfrie programfaget på vg3.

Surrealistisk kullportrett i svart og gult utført av elev.

Over: VG3-elev på KDA i Førde arbeider med surrealistisk kullportrett. Foto: Mona Fossdal

Elevarbeid: To ulike benkdesign i målestok

Over: Benkdesign av KDA-elevar i Førde i faget Design og arkitektur. Foto: Svein Myklebust

Design til mobildeksel, med mønsterdekor

Over: Ornament og mønsterdesign til eit mobildeksel. Utforma av eleven Fredrik Forsberg ved KDA i Førde

Blogg

Ta gjerne ein kikk innom på Kunst, design og arkitektur-bloggen for å finne meir informasjon, og for å sjå fleire flotte elevarbeid frå KDA BLOGG for Kunst, design og arkitektur ved Førde vgs

Presentasjon

Presentasjon på ca. 9 minutt om alt du treng å vite om Kunst, design og arkitektur! Presentasjonen ligg på Youtube. Her finn du også ein versjon med teksting.

Digitale teikningar/elevarbeid

Vegen vidare

Dersom du tek høgare utdanning, kan du blant anna bli arkitekt, landskapsarkitekt eller interiørarkitekt, produktdesignar, industridesignar eller grafisk designar, kunst- og kulturformidlar, kurator eller kunstnar. Du kan også utdanne deg til mange andre yrke. Med generell studiekompetanse kan du søke dei fleste studium ved høgskular og universitet. Her kan du lese meir om opptaksprøvar ved høgskular, og om aktuelle arbeidsstadar.