Hopp til hovedinnhold

Det du treng å vite

Skulebygningen til Førde vgs i Førde sentrum frå lufta.

Frå og med januar 2023 vert Hafstad vgs og Mo og Øyrane vgs samanslått til Førde vidaregåande skule. Fram til skulestadane Hafstad og Øyrane vert samanslått, er skulen lokalisert på fleire stader. Her finn du informasjon om kvar du finn oss, og opningstider. Du finn også teikningar og bilete av den nye skulebygningen i Førde sentrum.

Nye Førde vidaregåande skule 

Her kan du sjå arkitektteikningar av nye Førde vidaregåande skule i Førde sentrum (PDF).

Her finn du oss

Ekspedisjon Hafstad

Ved Hafstad er ekspedisjonen open måndag- fredag kl 08:00-15:30. Der møter du Jeanette, Vibeke og Margunn. Vi kan kontaktast på tlf 57 63 75 00
Epost: posthafv@vlfk.no. 

Skulens adresse er Hafstadvegen 49, 6800 FØRDE. I tillegg til hovudbygningen i Hafstadvegen har vi også undervisningslokale i Førdehuset. 

Ekspedisjon Mo og Øyrane

På Mo og Øyrane vidaregåande skule er det to skulestader, ein på Øyrane i Førde sentrum og ein skulestad på Mo. Administrasjon på Øyrane finn du på Concord, Firdavegen 6 og administrasjonen på Mo finn du i resepsjonen.

Ekspedisjonen på skulen er open måndag - fredag kl. 08.00 - 15:10. I skranken på Øyrane møter du Solfrid. I skranken på Mo finn du Anne Grethe. Vi kan kontaktast på tlf 57 63 73 00. Epost: postoyrv@vlfk.no. 

Øyrane:

Adressa til skulen vår på Øyrane er Naustdalsvegen 12. Den ligg i utkanten av Førde sentrum. Det tar berre 5 minutt å gå til skulen frå Førde rutebilstasjon. For skuleåret 2022-23 er undervisninga knytt til Øyrane fordelt på ulike skulestader. Administrasjonen finn du på Concord, Firdavegen 6.

Mo:

Adressa til skulestad Mo er Movegen 30 og ligg 11 km frå Førde sentrum, retning Jølster. 

Bruk av mellombelse lokale skuleåret 2022-2023

Bygginga av det nye skulebygget til Førde vidaregåande skule er godt i gang. På grunn av byggeprosessen må vi nytte mellombelse lokale for mange av elevgruppene våre. Frå veke 42 vil delar av nybygget takast i bruk. Under finn du lenkje til overordna plan for lokale som gjeld frå veke 42. I tillegg til lokala som er med på planane, vil Vg2 Køyretøy nytte lokale i Flovegen 2 gjennom heile skuleåret. Administrasjonen og elevtenesta på skulen er i Concord-bygget.

Oversikt mellombelse lokale frå veke 42

Gardsutsalet på Mo

Skulen har eige gardsutsal, der du kan få kjøpt ulike varer som er produsert ved Naturbruk på Mo. Meir om opningstidene til gardsutsalet

Bilete vuser elevar ved toppidrett. Elevane sit på golvet i ein gymsal.

Tilsette ved skulen

Vi har til saman rundt 250 tilsette ved Førde vidaregåande skule. Rektor er Mats Bryne. Assisterande rektorar er Liv Horvei og Nina Bygstad.

 

Dette syns vi er viktig

Vi jobbar for eit godt og inkluderande skulemiljø. Draumeskulen er ein viktig del av arbeidet med å skape eit godt skulemiljø for våre elevar.