Hopp til hovedinnhold

Skuleskyss

Bilete viser eit utnitt av ein person, der vi ser beina og ein skulesekk. Personen ser ut til å vente på skuleskyss

Det er Skyss som har ansvar for skuleskyssen i Vestland og elevar som har rett på dette får innvilga gratis skuleskyss.

Kven har rett på gratis skuleskyss?

Vidaregåande skuleelevar kan ha rett på gratis skuleskyss dersom eit av følgjande kriterium er oppfylt:

  • eleven bur utanfor ungdomsbilett-sonen og har lengre enn seks kilometer skuleveg.
  • eleven er fylt 21 år og har lengre enn seks kilometer skoleveg (målt langs kortaste farbare veg).
  • elevar med varig eller midlertidig funksjonshemning/sjukdom kan ha rett på skyss mellom skule og heim uavhengig av reiselengde.

Dersom du meiner du har rett på gratis skuleskyss må du kontakte skulen, som søker om skuleskyss på vegne av elevane.

Videregåande elevar som bur utanfor ungdomsbillettområde og skal søke om skulereisekort for buss kan søke sjølv på nettsida til Vestland fylkeskommune.

Ikkje krav på skuleskyss? Gå inn på nettbutikken for meir informasjon og kjøp av billettar

Har du rett på gratis skuleskyss kan du lese meir om det på nettsida til Skyss

Skuleskyssbillett på mobil: Frå og med skulestart i august 2023 kan elevar ved alle ungdoms- og vidaregåande skular i Vestland få skuleskyssbilletten sin i appen Skyss Billett.