Hopp til hovedinnhold

Restaurant- og matfag

Bilete viser eit utsnitt av ein tallerken, der det ligg ein matrett

Har du sans for god mat og god drikke? Er du kreativ og nøyaktig? Har du interesse for kosthald og helse. Er nysgjerrig på smak og nye rettar? Då kan restaurant- og matfag vere noko for deg. Du kan gå 2 år på skule og deretter bli lærling. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Restaurant og matfag passar for deg som er glad i halde på med mat, er kreativ og kan ta ansvar for andre menneske si mat og helse. For å kunne kalle deg ein fagarbeidar må du bestå ei fagprøve/svenneprøve etter avslutta opplæring (4 år)

Vi har eit kreativt læringsmiljø med høgt fagleg fokus og god trivsel. Her kan du finne ditt framtidsyrke med fagleg styrke. Når du vel utdanningsprogrammet restaurant- og matfag får du ei allsidig utdanning som kan brukast over heile verda. Du utdannar deg til å kunne arbeide i kreative, spennande og internasjonale miljø. Du bør like å arbeide med mat og vere positivt innstilt til arbeid i eit serviceyrke.

På Førde vidaregåande skule har vi lange fagtradisjonar og dyktige, engasjerte lærarar som legg vekt på at elevane skal bli gode fagarbeidarar. Restaurant- og matfag på Førde vidaregåande skule har gode praksislokale med godt utstyr.

Meir informasjon om utdanningsprogrammet og muligheiter finn du på

Følg oss på Instagram og Facebook

Her kan du sjå ein informasjonsfilm om restaurant- og matfag ved Førde vidaregåande skule.

Første året året (Vg1)

På vg1 restaurant og matfag har du programfaga råvare produksjon og kvalitet og bransje og arbeidsliv. I tillegg har du fellesfaga engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving. 

Du lærer grunnteknikkar innan matlaging, baking, servering og arbeid med kjøtt og fisk.

I yrkesfagleg fordjupning vil du få være ute i praksis i eit fag du ønskjer å prøve ut. 

Vg1 restuarant og matfag dannar grunnlag for fagbrev/svennebrev innanfor 11 ulike yrker, desse yrka er: 

  • Ernæringskokk
  • Kokk
  • Servitør
  • Bakar
  • Konditor
  • Slaktar
  • Kjøtskjerar
  • Pølsemakar
  • Ferskvarehandel
  • Industriell matproduksjon
  • Sjømatproduksjon

Andre året (Vg2)

Mo og Øyrane tilbyr følgande programområde på vg2: 

  • vg2 kokk- og servitørfag

vg2 kokk og servitør

Dersom du vel vg2 kokk og servitør må du ha lyst til å halde på med mat, like å kommunisere med andre menneske både skriftleg og munnleg. 

Vg2 kokk- og servitørfag har programfaga bransje og arbeidsliv og råvare, produksjon, sal og service. I tillegg har du fellesfaga norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving.  

På vg2 kokk- og servitørfag fordjupar ein seg i grunnleggande teknikkar innan kokk og servitørfaget. 

Du må tåle å vise fram produkta dine for andre og få tilbakemelding av kunden. Du kan både arbeide sjølvstendig og saman med andre, du er målretta og har eit ryddig forhold til tidsfristar.

Etter at du har fullført vg2 kokk og servitør kan du velje å gå ut i lære i følgande fag: 

  • ernæringskokkfaget
  • ferskvarehandlarfaget
  • kokkfaget
  • servitørfaget
Presentasjon av ungdomsbedrifta Sushi UB

Presentasjon Restaurant og matfag

Vegen vidare

Etter to å i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Meir om det å bli lærling.

Du kan også ta Påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.