Hopp til hovedinnhold

Vaksenopplæring

Bilete viser elevar som sit i eit klasserom. Fotograf: Martha Linnea Pukallus

Dersom du er over 25 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, kan vi tilby gratis vidaregåande opplæring.

Førde vidaregåande skule tilbyr vidaregåande opplæring for vaksne innan fleire fagfelt. Oversikta over tilboda 2023-2024 vert publisert her når det er klart. 

Vaksenopplæring

Utdanning på vidaregående nivå gjer deg meir attraktiv på arbeidsmarknaden. Det er ingen øvre aldersgrense for å søkje vidaregående opplæring. Nokre vaksne har ein lovfesta rett til vidaregåande opplæring. Vaksne utan slik rett kan søkje, men vil bli prioritert etter vaksne med rett. 

I skuleåret 2022-2023 har Førde vidaregåande skule følgande utdanningstilbod: 

NA vg2 og vg3 agronom

vg1 Helse og oppvekstfag med sluttkompetanse Helsearbeiderfag

vg2 Barne- og ungdomsarbeiderfag

vg3/vg4 - studiekompetanse etter 23/5 regelen 

påbygg over 1 år, 2 år

vg2 kokk og servitør

 

Agronomutdanning for vaksne

Kombiner agronomutdanning med anna arbeid!

Er du vaksen (over 25 år) kan du gjennom ni helgesamlingar i året og oppgåveløysing over internett, verte agronom på to år.

Mo og Øyrane vidaregåande skule tilbyr agronomutdanning for vaksne, som er ein kombinasjon av fjernundervisning via Internett og samlingar på Mo.

For meir informasjon: sjå fagsida til agronomutdanning for vaksne

Helse- og oppvekstfag 

Førde vidaregåande skule tilbyr skuleåret 2023-2024 følgande fagutdanningar: 

  • vg1 Helse- og oppvekstfag med sluttkompetanse Helsearbeidarfag
  • vg2 Barne- og ungdomsarbeiderfag. 

Inntakskrav for vg1 er fylte 25 år. For vg2 Barne- og ungdomsarbeiderag er opptaktskravet bestått vg1 Helse- og Oppvekstfag. 

Undervisninga vil føregå ein eller fleire dagar i veka. Undervisninga vert halde i skulen sine lokale.
Ved studiestart får ein utdelt brukarnamn og passord, samt opplæring i bruk av dataprogrammet Teams og andre dataprogram knytt til programområdet. 
Læremiddel, pc (utlånsavtale) og reiseutgifter er gratis.

 

Innhald og organisering: 

Vg1 Helse og oppvekst har programfaga Kommunikasjon og samhandling, Helsefremjande arbeid, Yrkesliv i Helse og oppvekstfag og Yrkesfagleg fordjuping. I tillegg har ein fellesfaga Engelsk, naturfag og matematikk. 

Vg2 Helsearbeiderfag har programfaga Pedagogisk arbeid, Kommunikasjon og samhandling, Yrkesliv i Barne- og ungdomsarbeiderfag og Yrkesfagleg fordjuping. I tillegg har ein fellesfaga Norsk og Samfunnskunnskap.

I forbindelse med Yrkesfagleg fordjuping vil elevane få prøve seg ut i fagområde som er relevant for den utdanninga ein har valt. 

Studiet vil som hovudregel bli organisert med undervisningstid frå kl. 08.20 – 15.10 på virkedagar. Ein må pårekne ein god del tid til sjølvstudium og oppgåveløysing.
Praktiske øvingar, Innleveringsoppgåver, testoppgåver og eventuelt prøvar dannar grunnlag for standpunktkarakter og framovermelding. Innleveringsoppgåver er i hovudsak knytt til fagstoff som vert gjennomgått. Oppgåvene vert lagde ut i Teams med innleveringsfrist. Lærarane som underviser har ansvar for å legge ut oppgåver og gjere vurderingar i høve til standpunktkarakter.
Praksiskandidatar skal ikkje ha standpunktkarakter.
I tillegg til Teams, føregår kommunikasjon mellom studentane og den einskilde lærar i faget gjennom e-post og telefon.
Dei dagane undervisninga er i klasserom, vil ein kunne kjøpe mat og drikke til rimeleg pris i kantina. 

Fagområde: Generell studiekompetanse

Fag som blir tilbydd er: norsk, matematikk, engelsk, naturfag, historie og samfunnsfag.

Det er samling anna kvar veke i alle fag, med unntak av samfunnsfag som har tre fysiske samlingar per termin. Samlingane startar kl. 16.00, og er ferdige ca. 19.30. Det er 4 undervisningstimar per samling.

Prøvar/vurderingssituasjonar blir gjennomført på samlingar i faga. I tillegg blir det heildagprøvar på dagtid i norsk, matematikk og engelsk. Desse prøvane blir lagt til fredagar.

Undervisningsdag for faga blir bestemt seinare.

Her er ei oversikt over tidspunkt og stad for samlingar 2023-24

Har du spørsmål knytt til generell studiekompetanse? Ta kontakt med pedagogisk leiar Inger Karin Oppedal eller med rådgjevar Margunn Brede.

For å få tilbod om vaksenopplæring / realkompetansevurdering, må du sende søknad via www.vigo.no. Klikk deg inn på “Vaksenopplæring/realkompetansevurdering” og følg instruksjonane du får. Legg inn ønska sluttkompetanse, tidlegare skulegang og praksis. Dersom du ønskjer rettleiing, kryssar du av for dette, og vi kontaktar deg.

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med rettleiingstenesta

På Vestland fylkeskommune sine heimesider finn du meir om dette og andre tilbod innan opplæringstilbod for vaksne. 

Du finn også på Vestland fylkeskommune sine heimesider informasjon om kva skule som tilbyr kva fag.