Hopp til hovedinnhold

Agronomutdanning for vaksne

Skulegarden på Mo

Er du vaksen (over 25 år) kan du gjennom ni helgesamlingar i året og oppgåveløysing over internett, verte agronom på to år. Førde vidaregåande skule tilbyr agronomutdanning for vaksne, som er ein kombinasjon av fjernundervisning via Internett og samlingar på Mo. Søknadsfrist er 15.april for skulestart hausten 2024.

Organisering

Studiet består av programfaga produksjon og tenesteyting, forvaltning og drift, plante- og husdyrproduksjon, utmark og kulturlandskap og gardsdrift. I tillegg kjem yrkesfagleg fordjuping og valfrie programfag, der næringsdrift og økonomi og driftsleiing inngår.

Studiet er i dag lagt opp med ei samling i månaden, frå kl. 09.30 – 19.00 på fredag og kl. 08.00 – 15.30 på laurdag. Med 18 timar undervisning pr. samling og 9 samlingar i året, vert det undervist 162 timar pr. år. Dette utgjer omlag 20% av studiet, resten er sjølvstudie og oppgåveløysing over Internett. Agronomutdanning for vaksne gjev kompetanse på Vg2 landbruk og gartnarnæring og Vg3 landbruk etter 2 år. Yrkestittelen for studiet er agronom.

Når ein startar studiet får ein utdelt brukarnamn og passord, samt opplæring i bruk av dataprogrammet Teams. Innleveringsoppgåver, testoppgåver og eventuelt prøver dannar grunnlag for standpunktkarakter. Innleveringsoppgåver er i hovudsak knytt til fagstoff som vert gjennomgått. Desse vert lagt ut i Teams med innleveringsfrist i god tid før neste samling. Dersom deltakarane ikkje overheld fristen for innleveringa vert oppgåva lukka. Det er lærarane som underviser på samlingane, som har ansvar for å legge ut oppgåver og gjere vurderingar i forhold til standpunktkarakter. I tillegg til Teams er det kommunikasjon gjennom e-post, telefon eller sosiale media mellom studentane og den einskilde lærar i faget.

For fleire programfag er det praktisk eksamen. Ein legg difor opp til kombinasjon mellom teoretisk undervisning og praktiske øving på samling. Studenten vert trekt ut til eksamen etter gitte kriterium. Det vert tatt opp 16 deltakarar kvart år.

Skulen tilbyr mat og overnatting på samling.

Inntakskrav

Inntakskrav for studiet er fylte 25 år og kompetanse på Vg1 naturbruksnivå eller tilsvarande. For dei som er født og oppvakse på gard, har arbeidd som avløysar, eller driv gardsbruk, vil normalt stette inntakskravet. Dette må dokumenterast frå landbrukskontor eller tilsvarande. Andre må gjennom ein realkompetansevurdering for inntak.

Det er også høve til å ta studiet som privatist. Då vil innleveringsoppgåvene ikkje vere obligatoriske, men ein må ta eksamen i alle programfag.

Kva kostar studiet?

Agronomutdanning for vaksne har ingen kursavgift. Studentane må betale for lærebøker, kopiering og eventuelt mat og overnatting på samlingane. Privatistar må betale eksamensavgift.

Dei frå Vestland som ikkje tidlegare har gjennomført vidaregåande utdanning, har fortrinnsrett til studieplass, og skal heller ikkje betale for lærebøker.

Søknad

Søknaden sendast til elisabeth.vintermyr@vlfk.no

Hugs å legge ved kopi av vitnemål og attestar. Landbrukspraksis skal vere attestert av landbrukskontor, avløysarlag eller tilsvarande.

Søknadsskjema til vaksenagronomutdanning

Elisabeth Vintermyr

Kursansvarleg