På denne sida vil du finne informasjon om miljøkoordinatorane ved Førde vidaregåande skule, og informasjon om ulike aktivitetar som du kan delta på. Det vil snart komme informasjon som også gjeld for skulestad Høyanger.

Over: Miljøkoordinatorar på skulestad Mo og Førde: Liv Jorunn Sellevold, Renate Hestenes og Mari Haugland.
Tilbod til elevar ved Førde vidaregåande skule
Skulestad Førde og Mo
Månadens aktivitetar
I starten av månaden vil vi henge opp plakat i alle klassar med informasjon om kva aktivitet vi har den aktuelle månaden. Vi vil også publisere informasjon om aktivitetane på teamsrommet vårt. Det finn du under Førde Vgs Alle- miljøkoordinator.
Tilgjengelegheit
Miljøkoordinatorane kan du nå både på telefon og på teams. Vi har opa dør, så alle kan komme innom. Du kan nå oss for stort og smått.
Tysdagar og torsdagar er det miljøkoordinatorar tilstades på internatet på Mo. Da er vi tilgjengeleg for alle hybelbuarar, og også for dei som ikkje bur på internatet via telefon eller teams.
Tysdagar: kl. 15.30-19.00
Torsdagar: kl. 15.30-18.00
Som hybelelforeldre kan de også nå oss i desse tidsromma. Kanskje er du uroa for eleven din på hybel? Da kan vi bidra i tidsrommet vi er på jobb på ettermiddag/kveldstid.
Hybelmiddag
Ein gong i månaden serverer vi GRATIS hybelmiddag for alle hybelbuarar i kantina på Førde vgs. Datoar for desse blir publisert på teams, samt vist på plakatane som heng i klasseromma. Etter middagen har vi GRATIS aktivitet for alle våre elevar. Informasjon om kva som er månaden sin aktivitet finn du også i teams eller på plakaten :)
Skulestad Høyanger
Høyanger vgs. legg opp til ulike aktivitetsdagar i løpet av skuleåret. På hausten tar vi elevane med på fjellet, før jul arrangerer vi volleyballturnering, og siste veka før sommarferien har vi felles avslutning med grilling og ulike aktivitetar.
I tillegg arrangerer elevrådet skuleball siste veka før juleferien.
I kantina er det sett opp to TV-skjermar til to PS4 spel, og skulen har ulike brettspel som du kan låne
Kristin Viksøy Sande er tilsett som miljøkoordinator i 50%. Ho har kontor mellom biblioteket og kantina. Kristin vil tilby ulike aktivitetar på open skule på ettermiddag omlag ein dag for veka. Ein onsdag i månaden vert det gratis middag for deg som bur på hybel. Det kjem oppslag, og du må melde deg på.
Dette kan du gjere på open skule:
- Skulearbeid
- Spele rettspel
- Filmkveld i auditoriet
- Øving på musikkscena
- "Henge" med vener
- Gjere skulearbeid
- Matlaging
- Bruke reodorgarasjen
Kantina
Magnar Fjetland som arbeider i kantina sørger for at du får gratis skulefrukost kvar morgon mellom kl. 07:45-08:15 I tillegg lagar han varm mat to gonger i vekaa. Sjå info på infoskjermane ang dagar for middag og meny.
Skulekantina Høyanger vgs.
Politi på skulen
Politiet i Høyanger vil ha kontortid på skulen ein dag kvar femte veke. Dette for å bygge relasjon med deg som ungdom. Høyanger lennsmannkontor er med i eit prosjekt som heiter innbyggjarstemmen som skal analysere korleis politiet skal arbeide for å møte innbyggjarane sine behov, krav og forventningar.
Vi legg ut på infoskjermane når dei er på skulen.
Det er viktig for skulen og skuleigar at du som elev har eit trygt og godt skulemiljø. Dersom du ikkje er nøgd med skulen sitt arbeid ut i frå aktivitetsplikta, er det utarbeida ein rutine som du og dei føresette skal følgje.
Her finn du informasjonbrev frå Vestland fylkeskommune om saka.
Som miljøkoordinator har vi tre hovudarbeidsområde:
Førebyggjande arbeid
- ta initiativ til og fremje tiltak for å auke trivsel og styrke miljøet ved skulen.
- ha særleg søkjelyset retta mot tiltak som motverkar mobbing, vald, rasisme og rusmiddelbruk.
Kontaktskapande arbeid
- skape best mogeleg kontakt mellom elevane og skulen.
- stimulere til aktiv deltaking i skulesamfunnet.
- stimulere til elevengasjement i opplæringa.
Sosialpedagogisk arbeid
- hjelpe elevar til å finne seg til rette på skulen.
- yte hjelp til elevar som har personlege vanskar, sosiale vanskar.
Sjå også:
Foto: Du vil finne bilete frå skulekvardagen på instagram (fordevgs) og på facebook.
Ta kontakt med oss om du lurer på noko!
Ta kontakt
Kontakt miljøkoordinator
Liv Jorunn Sellevold
Miljøkoordinator i alternativ klasserom
Mari Haugland
Miljøkoordinator
Renate Hestenes
Miljøkoordinator
