Lokal eksamensplan, praktiske opplysningar, tilrettelegging
Sentralt gitt eksamen: dato for offentleggjering vert sett av Utdanningsdirektoratet.
Lokalt gitt eksamen: dato for offentleggjering vert sett av Vestland fylkeskommune.
Varsel om eksamenstrekk
Elevane skal få melding om kva fag dei skal prøvast i 48 timer før dei skal opp til lokalt gitt eksamen i eit trekkfag.
Der Utdanningsdirektoratet eller Vestland fylkeskommune ikkje har fastsett felles eksamensdato og -tidspunkt, vert det fastsett av rektor.
Vg1 og Vg2 Yrkesfaglig utdanningsprogram
- Alle elevar på Vg2 skal opp til ein obligatorisk tverrfagleg eksamen i programfag.
- I tillegg skal ca. 20 % av elevane på Vg1 og Vg2 trekkast ut til eksamen i eitt fag. Andelen på 20 % skal sjåast over ein to-års periode.
Vg3
Trekkordning - Påbygging til generell studiekompetanse Vg3 (3 eksamenar)
- Alle elevar skal opp til obligatorisk skriftleg eksamen i norsk hovudmål.
- Eksamen i norsk sidemål er trekkfag.
- Elever med fritak for vurdering i norsk sidemål skal trekkast ut i andre fag.
- I tillegg til den obligatoriske eksamenen skal elevane trekkast ut til éin skriftleg eksamen, og éin munnleg eller munnleg-praktisk eksamen.
Trekkordning - Studieførebuande Vg3
- Alle elevar skal opp til ein obligatorisk skriftleg eksamen i norsk hovudmål og ein obligatorisk eksamen i felles programfag
- Eksamen i norsk sidemål er trekkfag.
- Elevar med fritak for vurdering i norsk sidemål skal trekkast ut i andre fag.
- I tillegg til dei to obligatoriske eksamenane, skal elevane trekkast ut til eksamen i yttarlegere eitt fag.
Trekkordning - Utdanningsprogram for naturbruk, Vg3, landbruk
- Alle elevar skal opp til ein obligatorisk tverrfagleg eksamen i dei felles programfaga.
- I tillegg skal elevane trekkast ut til eksamen i eit valfritt programfag.
Der Utdanningsdirektoratet eller Vestland fylkeskommune ikkje har fastsett felles eksamensdato og -tidspunkt, blir det fastsett av rektor.
Ta kontakt
Har du spørsmål om eksamen kan du snakke med eksamsensansvarleg.