Påbygging til generell studiekompetanse

Foto av elevar i den vidaregåande skulen. Vi ser elevar som sit i eit klasserom. Ei av elevane blar i ei bok. Fotograf: Martha Linnea Pukellus.

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

Linja er meint for deg som har tatt yrkesfagleg utdanning, men som likevel ønskjer generell studiekompetanse. Med studiekompetanse kan du søkje opptak på høgskular og universitet. Ein oppnår generell studiekompetanse ved å fullføre og bestå tre års vidaregåande opplæring frå studieførebuande utdanningsprogram. 

Etter Vg2 følgjer enten vidaregåande trinn 3 (Vg3) i skule eller to års opplæring i bedrift. Førde vgs tilbyr påbygging til generell studiekompetanse. Etter å ha tatt påbygg kan du studere vidare på høgskular og universitet. Påbyggingsåret er eit tilbod til elevar som har valt ei yrkesfagleg utdanning, og som ønskjer å oppnå generell studiekompetanse. 

Inntakskrav

Inntakspoeng vil variere avhengig av kor mange som søkjer, men skal du lukkast å komme gjennom året er det lurt å ha karakterar opp mot 4-talet. Merk deg at studia vidare kan ha høge krav. Det er lurt å sjekke dette tidleg.

 

vg3

Du vil vere elev i ein klasse med 30 elevar. Saman med dei øvrige vg3-klassane er du ein del av eit stort avgangskull. Skulen er sentralt plassert i Førde. Det er m.a. bibliotek, lesesal, auditorium og kantine på skulen.

Fag og timar

På utdanningsprogrammet påbygging til generell studiekompetanse har du faga norsk (10 t/v), historie (5 t/v), kroppsøving (2 t/v), naturfag (3 t/v) og matematikk (5 t/v) i tillegg til eitt programfag (5 t/v), som gjev deg den teoretiske kompetansen som krevst for å kunne bli tatt opp til studium på høgskular og universitet. Du har også rett til å ta påbygg etter gjennomført fagutdanning.

Med Kunnskapsløftet blir krava til generell studiekompetanse skjerpa i forhold til tidlegare: Krav til matematikk aukar frå 5 timar/veke til 8 timar/veke

Etter fullført vg3 påbygg får du vitnemål som dokumentasjon på studiekompetanse. 

Vegen vidare

Generell studiekompetanse er det faglege grunnlaget for å søkje opptak til universitet og høgskular. Med generell studiekompetanse kan du velje mellom ei rekkje ulike utdanningar på høgskular og universitet.

Somme studium stiller krav om spesiell studiekompetanse det vil seie spesielle fag, som oftast realfag og somme studium har opptaksprøve 

Hugs søknadsfristen 15. april.