Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit gratis og frivilleg tilbod til alle elevar ved Førde vidaregåande skule. Tenesta er ein del av det kommunale helsetilbodet i Sunnfjord kommune og arbeider førebyggande og helsefremmande med fysisk, psykisk og seksuell helse.

Skulehelsetenesta gir råd og rettleiing om helse og trivsel og er eit lågterskeltilbod til alle elevar ved skulen. Målet vårt er å førebygge og avdekke helseplager som kan påverke skulekvardagen, og bidra til å redusere fråvær og fråfall frå vidaregåande opplæring.

Vi tilbyr oppfølging og undervisning – individuelt eller i grupper/klasser. Ved behov kan vi henvise vidare til lege, helsestasjon for ungdom, BUFA (Barn, unge og familiestøtte), eller barne- og ungdomspsykiatrien (BUP).

Skulehelsetenesta er en del av elevtenesta og har eit tett og godt samarbeid med tilsette i skulen samt andre samarbeidspartnarar (Rettleiingstenesta og Nav). Vi deltek i samarbeidsmøte når det er ynskjeleg og eleven gir samtykke.

Du kan ta kontakt med oss for

  • Kroppslege plager, psykiske eller sosiale utfordringar
  • Vanskeleg livssituasjon, skuleproblem, mistrivsel eller mobbing
  • Bekymring for vener, søvnvanskar, etevanskar, alkohol/rus
  • Seksuell helse
  • Prevensjonsrettleiing og resept på p-piller, p-stav og spiral
  • Graviditetstest og samtale ved graviditet eller abort
  • Informasjon og testing for seksuelt overførbare infeksjonar (klamydia/gonokokk)
  • Gratis kondom
Vaksiner

Vi anbefaler at alle elevar mellom 16 og 20 år vurderer vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse. Vaksinering skjer på skulen.

Dersom du manglar vaksiner som inngår i barnevaksinasjonsprogrammet, har du rett på gratis vaksiner fram til du fyller 20 år.

Sjekk “Mine vaksiner”  www.helsenorge.no.   

Når du er 16 år er det du sjølv som bestemmer om du vil ha vaksine - Helserettsleg myndigheitsalder er 16 år.

Kontakt oss

Drop-in eller etter avtale via Teams eller SMS

Helsesjukepleiar har teieplikt

Det du deler blir mellom oss, med mindre det er fare for liv og helse.

Time hos helsesjukepleiar blir rekna som dokumentert fråvær.

Helsestasjon for ungdom

Utanom trefftida på skulen kan du nytte deg av tilbodet på Helsestasjon for ungdom, som er open tysdagar frå kl. 15:00 - 17:30. Adresse: Førde rådhus, Hafstadvegen 42.

Drop in (utan timebestilling), på Rådhuset i tredje etasje.

https://sunnfjord.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/helsestasjon/helsestasjon-for-ungdom/

Sjå også

Alarmtelefon for Barn og unge: https://www.116111.no/

https://ung.no/

Vald og overgrep: https://www.volinjen.no/

ROS - Rådgivning om spiseforstyrringar: https://nettros.no/

https://sexogsamfunn.no/

https://www.helse-forde.no/avdelinger/overgrepsmottaket/informasjonshefte-overgrepsmottaket/

Kontortid helsesjukepleiar

Måndag

Anita Løkkebø: kl. 08.15-12.00  Mo

Wenche Bruland: kl.08.00-15.30 - Førde

Tysdag-fredag

Anita og Wenche kl.08.00-15.30 - Førde

Helsesjukepleiar

Skulestad Førde (Rom: A245)

 

Wenche Bruland

Helsesjukepleiar
Wenche Bruland.jpg

Helsesjukepleiar

Skulestad Mo
Skulestad Førde (rom A244)

 

Anita Erna Løkkebø

Helsesjukepleiar
Anita Erna Løkkebø.jpg