Hopp til hovedinnhold

Studiespesialisering med toppidrett

Foto som syner ungdom som spelar volleyball. Utsnitt av hender og ball.

Studiespesialisering med toppidrett er eit tilbod for deg som ønskjer å satse for fullt på idretten din og samstundes ta ei utdanning. Målet er å legge til rette for prestasjonar på internasjonalt nivå.

Førde vgs har i samarbeid med Førde Volleyballklubb tilbod om spissa toppidrett i volleyball. Vi har totalt 15 plassar fordelt på vg1, vg2 og vg3. 

Førde VBK står for treningane og det faglege opplegget, medan Førde vgs administrerer tilbodet. Elevar som ynskjer dette tilbodet, må søkje seg inn kvart år i vigo.no innan 1.mars.

Meir informasjon om spissa toppidrett og inntaksprosedyrar finn du på nettsida til faget.

imager84r9.png

Over: Foto: Ole Johnny Devik. Bilete viser elevar som slår ein ball over eit nett, under ei volleyballturnering i Førde

 

Informasjon frå FVBK/Region Sogn og Fjordane om Førde vgs-satsing

  • Innhald: 3 balløkter og 2 styrkeøkter i veka i samband med skulen. Styrkeøvingane vil vere spesifikke øvingar for volleyball.
  • Desse øktene vil vere i tilknyting til skulekvardagen, før skulen, i skuletid eller rett etter skulen.
  • Treningskort på Puls vil bli dekka av satsinga dersom ein trenar styrke minimum to gonger for veka og kan dokumentere dette gjennom oppmøteregistrering. Satsinga dekker ikkje treningskort hjå andre treningsstudio.
  • Ein forventar oppmøte på alle øktene, og det skal vere ekstraordinært dersom ein ikkje kan stille på økta. Dette krev god struktur på skulekvardagen.
  • Førde vgs-satsing kan ikkje kombinerast med jobb ved sidan av skulen.
  • Alle må søke på Førde vgs-satsing kvart år innan 1. mars sjølv om ein går på Førde vgs-satsing. Det er også mogleg å søke seg inn på det andre året sjølv om ein var med første året.
  • På kveldstid vil ein i samarbeid med Førde volleyballklubb få moglegheit til å trene med eit av laga til klubben.

Førde vgs-satsing - open samling:

Regionen vil i samarbeid med Førde volleyball halde ei samling for dei som kan vere interessert i å søke.
Innhaldet i samlinga vil vere: informasjon om satsinga og praktisk økt. Denne er open for alle som vurdere å søke på Førde vgs eller for dei som allereie går på Førde vgs og skal opp i andre eller tredje vidaregåande klasse.

Meir informasjon finn du i påmeldingslenkja.

Påmelding: Isonen