Hopp til hovedinnhold

Biblioteket

Elevar som sit ved eit bord på biblioteket.

Snart får vi eit nytt og flott bibliotek som vil vere hjartet på den nye skulen vår. Enn så lenge, har vi bibliotektilbod på skulestadane Hafstad, Mo og på Concord.

Velkomen til skulebiblioteket

Du kan bruke biblioteket til studiar eller til å roe ned og slappe av, valet er ditt!

Boksøk

Samlinga er registrert i systemet Bibliofil. Du kan søke etter bøker og filmar ved MOY ved å skrive inn tittel eller emne du leitar etter. Her er ei lenkje til Bibliofil ved Hafstad vgs. På biblioteket er det og tidsskrift, teikneseriar og aviser. Lånetid er 4 veker for bøker og ein veke for filmar. Ordbøker og lærebøker er tilgjengeleg for dagslån.

For skuleåret 2022-2023 finn du bibliotektenestene på Hafstad i 1. etasje i B-blokka, på Øyrane i Concordbygget, Firdavegen 6 og på Mo ligg skulebiblioteket i administrasjonsbygget. Om dei som bur på internatet vil nytte biblioteket på kveldstid, kan dei kontakte Anne Grethe i resepsjonen.

Elev 3.jpg

Nasjonalt lånekort

I samband med utlån av lærebøker/materiell kan eleven få tildelt nasjonalt lånekort. For å få nasjonalt lånekort må eleven gje samtykke til at fødselsnummer vert lagra i Felles låneregister. Elevar som ønskjer nasjonalt lånekort må ta kontakt med skulen sitt bibliotek for å gje slikt samtykke. Nasjonalt lånekort kan nyttast i heile landet, på alle bibliotek. Dersom eleven ikkje ønskjer å registrere fødselsnummer, vil kortet berre kunne nyttast på skulen. Dette kan du no gjere digitalt ved å logge deg på med MinID/BankID.

Lånekontrakt

Når du startar på skulen må du underteikne ein lånekontrakt. Er du under 18 år må også føresette underteikne. Du kan då låne gratis skulebøker.

E-lån

E-lån er bøker du kan laste ned til datamaskinen, lesebrettet, nettbrettet eller mobilen din. Det er mest romanar, men også ungdomsbøker og fagbøker. Same bok kan lastast ned til seks ulike einingar, og bøkene blir automatisk levert tilbake etter tre veker.

Ressursar til bruk i undervisning

  • CD-Ord (lese og skrivestøtte) I avtalen medfølger språkpakker (talesyntese, ordforslag og ordbøker) på bokmål, nynorsk og engelsk. Ta kontakt med IKT for tilgang til programvaren. Alle programma nyttar Feide innlogging. Les om avtalen
  • Filmrommet.no «Filmrommet er ein nettbasert klikkefilmtjeneste (video-on-demand) som tilbyr skular, bibliotek og offentlege institusjonar tilgang til over 2000 filmar». Innlogging til filmrommet.no kan du få i resepsjonen, hos IKT-tilsette på skulen eller på skulebiblioteket.

Emneportal

  • Forskning.no Nordens største nettbaserte kanal for formidling frå norsk og internasjonal forskning.
  • Europaportalen fakta om EU og norsk europapolitikk. Alle departementa gjev informasjon om saker som gjeld Noregs forhold til Europa, EØS og EU.

Leksika - Biografar

Informasjon og kjeldekritikk

Utdanning

Litteratur

Offentleg informasjon

Kjeldekritikk og kjeldebruk

Når du skriv ei oppgåve er det viktig å finne gode kjelder for informasjon. Men korleis kan du stole på det du finn? Det er viktig å utøve kjeldekritikk for å finne eigna og kvalitetssikra informasjon.

Du kan ikkje klippe og lime andre sitt arbeid som ditt eige. Korleis kan du bruke andre sine tekstar utan å plagiere? Det kan du lære meir om på sida vår om kjeldebruk og kjeldekritikk.

 

Bibliotekar Øyrane

Guri finn du på bilbioteket i 2.etg. avd. Førde

Guri Aarhus

Bibliotekar

Bibliotekar Mo

Anne Grethe finn du i resepsjonen på Mo

Anne Grethe Steinfeld

Bibliotekar