Førstkomande helg (27. - 29. januar) møtes 54 lag til volleyballcup i Førdehuset under årets MVGS cup. Elisabeth Bjørvik er ein av arrangørane, og ser fram til å vere vertskap for arrangementet.
Onsdag 18.01 arrangerte SLT (Samordning av Lokale rus og kriminalitetsførebyggande Tiltak) Russeforeldremøte for Hafstad – og Mo og Øyrane vidaregåande skule, i kantina på Hafstad vidaregåande skule.
Frå hausten 2023 blir Mo og Øyrane (MOY) og Hafstad vgs slått saman til ein skule: Førde vgs. Skulen blir geografisk todelt, med skuledrift på Mo og i nybygget i Førde sentrum.
Skulehelsetenesta blir gjerne omtala som born og unges bedriftshelseteneste. Dette er ei gratis, lett tilgjengeleg drop-in teneste på skulen.
Vil du bli vår nye kollega i den vidaregåande skulen i Førde? Vi har ledige stillingar for avdelingsleiar, bibliotekar og rådgivar for tilpassa opplæring.
Her finn du informasjon om søknad og inntak til vidaregåande opplæring for skuleåret 2023-2024