Hopp til hovedinnhold

Personopplysningar og samtykkeskjema

Bruk av personopplysningar og bilete

Personvern 

Personvernerklæringa til Vestland fylkeskommune handlar om korleis vi samlar inn og brukar informasjon om besøkande på våre nettstadar. Les personvernerklæringa på Vestland fylkeskommune si nettside.

Bruk av bilete

Skulen treng gode bilete for å fortelje om aktiviteten og tilboda sine. Vi ynskjer også å nytte bilete der ein kan kjenne att elevar. Da må vi ha eleven sitt samtykke. Skulen og Vestland fylkeskommune som skuleeigar vil gjerne nytte bilete frå skulen sin aktivitet til nett og trykksaker. Eleven må gje sitt samtykke til å nytte bilete der personen kan kjennast att.

Når eleven er over 15 år, kan eleven sjølv gje samtykke til bruk av bilete. Fylkeskommunen og skulen skal alltid vurdere om det er etisk rett å bruke bilete, og følgjer personopplysningslova og åndsverklova ved publisering. Bilete som vert nytta skal vere tekne i skulesamanheng.  

Samtykkeskjema

Her finn du samtykkeskjema for personopplysningar og bruk av bilete (oppdatert 15.september 2025)