Hopp til hovedinnhold

Årets julesending frå Medium og kommunikasjon - sjå den på aktivitetsdagen

Etter tre veker med arbeid har Media og kommunikasjon spelt inn årets julesending. Alle tre medieklassane har bidrege med innhald, medan 3MKA har stått for innspelinga i studio, og intervju av gjestar - deriblant ordførar Jenny Følling.

Tekst og foto: Lene Sørøy Neverdal

Jul er sjølvsagt den raude tråden i sendinga. Mellom anna har nokre elevar vore på Mo og filma reportasje frå rigging av Jul i Stallgata, det er filma test av julebrus og julesendinga har sin eigen julekrim. Vi har også hatt gjestar i studio, mellom anna ordførar i Sunnfjord, Jenny Følling.

Alida Kvingedal og Vilde Marie Sande Sørestrand frå 3MKA er programleiarar under sendinga. Dei tykkjer det var hyggeleg å få besøk av sjølvaste ordføraren.

-Det var kjekt å intervjue ordføraren, ho var livleg og lett å prate med, og det virka som ho trivdes i studio, seier Vilde.

-Alida er einig, ho tykte det var kjekt å prate i studio under sendinga, men syns også det var koseleg å pynte studio til jul.

02 Julesending (nedskalert).jpg

Over: Medieelevane jobbar i filmstudioet og i redigeringsrommet med årets julesending.

-Også var det kjekt å filme og lage innslag. Det var fint å sjå innslaga som dei andre elevane hadde laga, vi er veldig fornøgd med kvaliteten på innslaga.

Julesendinga er den størtse produksjonen medieelevane lagar i løpet av tre år. Elevane får tildelt roller, og sendinga vert filma i vårt eige studio med tre kamera, og med elevar som styrer klippen i kontrollrommet. Resultatet er ei sending på 30-40 minutt.

03 Julesending (nedskalert).jpg

Over: Medieelevane jobbar i filmstudio med årets julesending.

-Det er lærerikt å sjå kva som må til for å få til ei slik sending, at det er mykje som må vere på plass og mange folk i sving, seier Alida.

Det er mykje teknisk som må vere på plass, og alle må bidra for at sendinga skal bli bra. Produksjonen er eit samarbeid mellom dei tre klassane, men VG3 har ansvaret.

-Det er interessant å ha fellesprosjekt der alle dei tre klassane får samarbeide. Og så får vi samarbeide som klasse. Det har vore gode samarbeid, seier Vilde.

Sendinga skal synast fram i auditoriet under aktivitetsdagen siste skuledag før jul. Kom for å sjå årets julesending - kanskje den beste julesendinga produsert på Førde vidaregåande skule nokon sinne?

Julesendinga blir vist klokka 08:45, 09:45 eller 10:45. Det vert også førpremiere i onsdag 17. desember kl. 10:45 i auditoriet. Velkomen!

4 Intervju med Jenny Følling (nedskalert).jpg

Over: Frå filmstudio der medieelevane Alida Kvingedal og Vilde Marie Sande intervjuar ordførar Jenny Følling.