Måndag 01. september besøkte utanriksminister Espen Barth Eide elevane i programfaget politikk og menneskerettar. Eide snakka innleiingsvis om den verdsordenen som blei etablert etter andre verdskrigen, og om korleis denne i dag blir utfordra av krigen i Ukraina, krigen i Gaza og den politiske situasjonen i USA.
Tekst og foto: Hilde Aa Kvamsås
Elevane tok opp spørsmål om både norsk tryggingspolitikk, forsvaret, NATO, atomvåpen, EU, Ukraina, Palestina og kva som skal skje på FNs 80. generalforsamling neste veke – og statsråden gav kunnskapsrike svar til gode spørsmål.

Over: Espen Barth Eide på besøk til Førde vgs 01. september 2025