Biologi 2 ved Førde vgs på feltarbeid i Bulandet tiande og ellevte september.
Tekst: Oda Eline Viken Olsen, klasse 3STA
Vi i bio 2 har vore på Bulandet og undersøkt beskytta og eksponert strand. Feltarbeid er ein del av pensumet i bio 2. Vi har brukt linjeanalysar og samanlikna kva organismar som lever i ei beskytta strand med funn på eksponert strand. Vi analyserer korleis ulike miljøfaktorar påverkar artsmangfaldet i desse to leveområda.
Slike turar gir oss ikkje berre fagkunnskap, men også praktisk erfaring med biologiske metodar. Det er spennande å sjå korleis teori frå klasserommet heng saman med det vi opplever ute i felt.

Over: Foto til venstre Kjellfrid Støylen Skilbrei. Foto til høgre: Hans Otto Holme

Over: Foto: Jenny Hafstad Ottesen
I tillegg var vi på besøk hos Landøy Fiskeoppdrett og Bue Salmon As. Her fekk vi meir informasjon om korleis moderne oppdrett blir drivne og kva ulike utfordringar dei står ovanfor. Her fekk vi både vere med på å sløye og fange fisk.

Over: Foto til venstre: Oda Eline Viken Olsen. Foto til høgre: Jenny Hafstad Ottesen
Alt i alt har dette feltarbeidet vore ei oppleving som kombinerer fagleg utbyte og det sosiale på ein svært god måte. Vi har både lært mykje nytt, fått trening i praktisk arbeid og styrka samhaldet i gruppa. Dette er erfaringar vi vil ta med oss vidare i livet, og var absolutt verdt å vere med på!

Over: Foto til venstre: Oda Eline Viken Olsen. Foto til høgre: Kjellfrid Støylen Skilbrei

Over: Foto til venstre: Hans Otto Holme. Foto til høgre: Kjellfrid Støylen Skilbrei

Over: Foto: Kjellfrid Støylen Skilbrei

Over: Foto til venstre: Kjellfrid Støylen Skilbrei . Foto til høgre: Maria Sægrov

Over: Foto til venstre: Maria Sægrov. Foto i midten: Malin Gjervik Gjørøy. Foto til høgre: Aurora Furnes Degnepoll
Faglærarar i biologi som deltok på feltarbeidet til Bulandet var Kjellfrid Støylen Skilbrei og Hans Otto Holme.