Førde vgs markerer 200-årsjubileet for utvandringa til Amerika med utstilling i biblioteket og fagdag tysdag 30. september. I utstillinga i biblioteket kan du lære om dei første utvandrarane, om utvandringsbølgene på 1800-talet, om kvifor dei reiste og korleis det gjekk med dei.
Tekst og foto: Hilde Kvamsås Aa
Her er historier om nokre av dei som utvandra frå Sunnfjord og gode pakketips til Amerika-kofferten for dei som skulle legge ut på den lange reisa over Atlanterhavet på 1800-talet.

Over: Bilde 1: Utsillingsjubileum utstilling oversiktsbilete. Bilde 2: Kistefyll
Fleire lærarar har bidrege med Amerika-koffertar og andre gjenstandar. Ein av konkurransane som er knytt til utstillinga er å identifisere kva desse gjenstandane er. Den andre konkurransen er ein quiz. For begge konkurransane blir det premiering etter haustferien.

Over: Bilde 1: Utvandrarjubileum utstilling amerikakoffert. Bilde 2: Kistefyll

Over: Bilde 1: Utsillingsjubileum utstilling oversiktsbilete. Bilde 2: Utstillingskonkrurranse - idenifiser tinga. Bilde 3: Utstilling - quiz
Tysdag 30. september er det fagdag for historieelevar på vg2 og vg3, der Lena Eikeland Kutchera frå Vestnorsk utvandringssenter skal snakke om utvandringa frå Noreg til Amerika. Sallie Ann Steiner Pisera, museumsleiar på Sunnfjord museum – som og er av utvandrarslekt og no har innvandra til Noreg, skal ta føre seg dåtidas utvandrarar og dagens innvandrarar, og vi får besøk av Hans Olav Lahlum som skal ta føre seg USA i dag og kva som skjedde med det USA utvandrarane i si tid drøymde om.
Her er programmet for fagdagen