Hopp til hovedinnhold

Førstehjelpskurs for dei tilsette

I år skulle alle dei tilsette ved Førde vgs ha førstehjelpskurs. Rektor ynskte å bruke kunnskapen til vg2 elevane på Ambulansefagarbeidar. Elevane oppretta da si eiga ungdomsbedrift «Livets redning», og har deretter kursa dei tilsette ved skulen. I tillegg har dei kursa fleire klassar, altså elevar, etter forespørsel/bestilling frå lærarar.

Foto: Astrid Gåsemyr. Tekst: Hilde-J. Ellingsund.

I etterkant har mange tilsette uttrykt takknemlegheit, og gitt ros over det elevane, og faglærar Anne Sissel hadde laga til, og gjennomført.

Litt godtgjerdsle fekk elevane for jobben, og dette vart brukt til ein fagleg og sosial tur til Bergen der dei fekk hospitere ved Ambulansetenesta i Akuttmedisinsk avdeling og ved Akuttmottak/Mottaksklinikken ved Haukeland universitetssjukehus i Helse Bergen. Dei har fått opplevd mykje, gjort seg erfaringar, hatt fagleg utbyte, fått inspirasjon/motivasjon, fått føle på mykje nytt, blitt utfordra på ansvar og opplevd spenning.

02 Ho.jpg

Over: Førstehjelpskurs for tilsette ved Førde vgs. Foto: Astrid Gåsemyr.

03 Ho.jpg

Over: Førstehjelpskurs for tilsette ved Førde vgs. Foto: Astrid Gåsemyr.

05 HO.jpg

Over: Førstehjelpskurs for tilsette ved Førde vgs. Foto: Astrid Gåsemyr.

04 Ho.jpg

Over: Førstehjelpskurs for tilsette ved Førde vgs. Foto: Astrid Gåsemyr.

Steffen, Oline, Petrikke, Live, Hedda og Andora har alle fått seg lærlingplass i faget. Vi ynskjer dei lykke til!