Torsdag 12. februar opna utstillinga «Pandoras øskje» på Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Utstillinga er eit resultat av eit samarbeidsprosjekt mellom Kunst, design og arkitektur ved Førde vgs og Musea i Sogn og Fjordane.
Foto: Lene Sørøy Neverdal. Tekst: Mona Fossdal.
På utstillingsopninga til "Pandoras øskje" blei det vernissasje med talar både frå kunstmuseet og frå skulen, og det blei også framført eit flott musikalsk innslag.
Utstillinga har eit klart miljøperspektiv, og gjennom varierte arbeid, tema og teknikkar viser elevane ei stor breidde i kreativ gjenbruk av emballasje og anna materiale. Her kan du mellom anna finne alt frå ein Tesla dekorert med Pokémon-emballasjar, manetar av plast og anna materiale, trykk utført på juice- og mjølkekartongar, og biller dekorert med pappemballasjar.
Arbeida i utstillinga er laga av Vg2 og Vg3-elevar frå Kunst, design og arkitektur ved Førde vgs. KDA-elevane har i tillegg plukka ut - og stilt ut - arbeid frå samlinga til kunstmuseet. Dei har også stått for kurateringa av utstillinga (med god hjelp frå Musea i Sogn og Fjordane).
Vi takkar Musea i Sogn og Fjordane så mykje for det gode samarbeidet. Vi er stolte over kva KDA-elevane har fått til, og håper at mange vil besøkje denne spennande utstillinga som blir open til 3. mai. På nettsida til Sogn og Fjordane Kunstmuseum kan du lese meir om utstillinga.

Over: Foto frå opninga av utstillinga. På det nedste fotoet ser vi bilete av elevane i Vg2 og Vg3-klassen på KDA. Ordførar Jenny Følling står i midten på bakerste rekke. Foto: Lene Sørøy Neverdal

Over: Foto frå utstillinga. Foto: Lene Sørøy Neverdal

Over: Foto frå utstillinga. Foto: Lene Sørøy Neverdal
