Hopp til hovedinnhold

Medietur til NMD Ung ved Nordiske mediedagar i Bergen

Tysdag 6. mai var Vg2 Medium og kommunikasjon på studietur til Bergen. Elevane deltok på NMD Ung, som er ein event for vgs-elevar som er interessert i mediefag, i samband med Nordiske Mediedagar. Elevane reiste ned tidleg om morgonen med minibuss og fekk med seg oppstart i Grieghallen, der arrangørane frå NMD ønska velkommen.

Tekst og foto: Medielærar Ole Johnny Devik

I løpet av dagen fekk dei med seg fleire innslag frå medieaktørar innanfor eit breitt felt av tema, frå some til tradisjonell gravejournalistikk.

02 NMD Ung.jpg

Over: Frå arrangementet NMD Ung i Bergen

Konferansier for dagen var Ole Sirnes som deler sine mattips på TikTok, og Marius Solberg, som m.a. driv Rap og RnB-kanalen YLTV på YouTube.

04 NMD Ung.jpg

Over: Frå arrangementet NMD Ung i Bergen

Marius Arnesen frå NRK beta presenterte korleis NRK brukar AI for å utvikle nye tenester, og viste korleis ein kunne bruke stemme-AI til å etterlikne kjendisar, eller AI til research og skriveassistent.

Fleire spennande innslag

Av andre spennande innslag var Emmy-nominerte Vegard Tenold Aase og snakka om arbeidet sitt med ekstreme høgregrupper i USA, og delte sine erfaringar. Robin Richardsen delte sine erfaringar med fleirkamera, og Andrea Thiss-Evensen snakka om sin podcast om pornohevn, før det var tid for panel om ungdom, val og some.

03 NMD Ung.jpg

Over: Oliver Bergset

Høgdepunktet for elevane, i alle fall dei som er interessert i some-kjendisar, var Oliver Bergset sin presentasjon. Han snakka om starten på YouTube og TikTok-karrieren, og delte erfaringar frå programleiar-jobben, m.m. Elevane nytta moglegheiter til å få tatt bilde med han etterpå.

05 NMD Ung.jpg

Over: Medieelevar frå vg2 ved Førde vgs på fotosafari og shopping i Bergen

Elevane var frå inspirerte, til lett underhaldne i løpet av dagen, og etter NMD tok elevane ein fototur i gamle Bergen og på Bryggen, følgt av litt rask shopping og lunsj før heimturen. NMD ung er eit populært tilbod, og Førde vgs var tidleg ute med å bestille billett for elevane. Håpet er at det kan vere ein årleg aktivitet for medieelevane på Førde vgs.

07 Bergen fotosafari.jpg

Over: Frå fotosafari i Bergen