Hopp til hovedinnhold

No kan frivillige lag og organisasjonar søke om gratis leige av lokale ved Førde vidaregåande skule

Skulen tilbyr gratis leige til frivillige lag og organisasjonar som driv aktivitetar der fleirtalet av deltakarane er under 20 år. Tilbodet gjeld til dømes aktivitetar som kor, teater, dans, idrett eller liknande. Utleiga gjeld idrettshall, aktivitetssal og klasserom.

Gratis leige av lokale

Skulen har avtale med Førde volleyballklubb som disponerer dei aktuelle lokala, og som står for framleige av desse. Tildeling av leige vil bli samordna med volleyballklubben og deira aktivitetar. 

Her finn du søknadsskjema for ordninga

Søknadsfristar
  • For hausthalvåret: 1. juni (10. august for hausten 2025)
  • For vårhalvåret: 1. november
Kontaktperson for Førde vgs:

magne.froholm@vlfk.no