Kvar måndag gjennom skuleåret har vi open skule på Førde vgs. Der blir det servert gratis middag frå kl 15.15, og miljøkoordinatorane er på skulen fram til kl 17.00. Her kan ein vere sosial, jobbe med skulearbeid eller anna. Tilbodet er godt brukt, og ein treng ikkje melde seg på, det er berre å møte opp. Har du allergiar eller anna kan du ta kontakt i forkant, så vil ein kunne tilpasse dette.
I samarbeid med Sunnfjord kommune utvidar vi no tilbodet fire måndagar i haust: 29. september, 13. oktober, 10. november og 8. desember. Desse dagane vert tilbodet utvida med at Førde ungdomsklubb er open for elevane i VGS frå kl. 16.00-20.00. Det vil seie at elevar kan ta middagen på skulen før dei kan gå bort til ungdomsklubben som ligg på Førdehuset.
Førde ungdomsklubb er nyopna i haust, og det er den tidlegare ungdomsklubben på Løa som har fått nye, flotte lokaler. Det er moglegheit for å vere sosial og henge, spele brettspel, handle i kiosk, det er gamingrom med PC, playstation, bordtennis biljard m.m. Du kan gjerne kome med innspel til aktivitet om du har idear.
Sjå plakat med informasjon om tilbodet her
Miljøkoordinatorane Charlotte Gjesdal og Liv Jorunn Sellevold samt utekontakt Tove Nedrebø er tilstades på ungdomsklubben. Om du har spørsmål er det berre å ta kontakt:
Miljøkoordinator Førde vgs:
Charlotte Gjesdal Sægrov : 40 19 99 16
Liv Jorunn Sellevold: 41 55 56 08
Utekontakt Sunnfjord kommune:
Tove Nedrebø: 41 53 09 13