Hopp til hovedinnhold

Skuleoppdrag knytt til VM i vektløfting

Førde vidaregåande skule fekk i oppdrag å lage eit skilt i forbindelse med VM i vektløfting. Skiltet skulle lyse opp om natta, og kunne bli sett frå sentrum.

Tekst og Foto: Reidun Kristiansen

Lærarar og elevar ved Teknologi- og industrifag og Elektro- og datateknologi tok utfordringa, og lagde eit skilt med logo og tekst. Tusen takk til elevar ved TIF og elektro!

Av involverte lærarar så har Geir Johme stått ansvarleg for å skjære ut plata til designet, og Rolf Helge Myren har vore ansvarleg i samband med sveisinga. Geir Henning Nore og Håvard Vallestad har vore ansvarlege på det elektriske- og ved lyssettinga av skiltet. Lærarar ved Bygg- og anleggsteknikk har sett opp fundament til skiltet slik at ein kan sjå det frå Førde sentrum.

02 Ferdige skilt (nedskalert).jpg

Over: Her ser vi skiltet montert og plassert overfor Førde sentrum

03 Arbeidsprosess med å lage skilt (nedskalert).jpg

Over: Elevar jobbar med produksjon av skiltet

04 Skilt laga av TIF (nedskalert).jpg

Over: Undervegs i arbeidsprosessen

05 TIF-elevar bærer skilt (nedskalert).jpg

Over: Elevar bærer ut det ferdige skiltet

06 Ferdig skilt (nedskalert).jpg

Over: Her ser vi det ferdige, flotte sluttresultatet!