Hopp til hovedinnhold

Yrkesfagleg fordjuping og elevaktive læringsformer på vg1 Helse og oppvekstfag

Vi legg snart bak oss endå eit skuleår med mykje god læring. På vg1 Helse og oppvekstfag har klassane vore mykje ute i arbeidsfeltet. Dei dannar relasjonsferdigheiter, aukar kommunikasjonsevna si, og gjev omsorg.

Tekst: Hilde Joveig Ellingsund.

Foto: Tor-Emil Gjøringbø.

I faget Yrkesfagleg fordjuping, har om lag 130 elevar vore ute i praksis på vg1 og vg 2 nivå, i to periodar, haust og vår. Vi takkar alle samarbeidsinstansar for god hjelp med praksisen. Utan dykk – mindre læring!

01 Bingo på Tingstova 1.jpg

Over: Bingo på Tingstova. Foto - Tor-Emil Gjøringbø

Vg 1 Helse og oppvekst har hatt mange gode tverrfaglege prosjekt dette skuleåret, både inne på skulen og i nærmiljøet vårt. Vi kan nemne blant anna bingo i Naustdal, fysisk aktivitet og mat med ulike barnegrupper. «Nissefest» på skulen vår, og med påfølgande aktivitetar i aktivitetssalen. Julekonsert med barn på institusjon, og bossplukking med barneskule. Alt blir planlagt, gjennomført, og evaluert av elevane våre, og med tilrettelegging og rettleiing frå våre dyktige lærarar.

02 Julefest.jpg

Over: Julefest og Julekonsert. Foto - Tor-Emil Gjøringbø

03 Uteaktivitet, plukke boss mm.jpg

Over: Uteaktivitetar. Foto - Tor-Emil Gjøringbø

04 Utsiktsbilde.jpg

Over: med utsikt over Førde. Foto - Tor-Emil Gjøringbø