Hopp til hovedinnhold

Naturbruk

Bilete viser ni elevar som står oppstilt med matchande eplegrøne T-skjorter

Er du interessert i natur og miljø, dyr og menneske? Då kan naturbruk passe for deg. Du kan bli lærling etter 1-2 år på skule, og så ta fagbrev. Du kan også gå vidare på Vg3 og ta yrkeskompetanse eller studiekompetanse, avhengig av kva programområde du vel.

Likar du natur og dyr er naturbruk vegen å gå!  Vegane vidare er mange og du vil på mange måtar få eit annleis studie.  Det er lagt inn mykje praksis og ulike aktivitetar i studiet. Det er også mogleg å ta ulike sertifiseringskurs ved skulen.

Ved Førde vgs på skulestad Mo kan du ta naturbruk med fordjuping innan landbruk og hest.

Svært mange yrke i arbeidslivet vil verdsette den praktiske utdanninga ein får på Mo. Du vil sjølv også erfare at du får ei allsidig og god ballast i yrkesutdanninga di, enten du vel å avslutte etter Mo eller vil studere vidare.

Å velje programområdet naturbruk gjev mange moglegheiter. Tidlegare elevar fortel at åra på naturbruk var dei beste åra i livet deira. Her kan du sjå to ulike filmar om naturbruk ved Mo. Den første filmen gir informasjon, og viser breidda av kva ei utdanning ved naturbruk på Mo inneheld. Filmen er produsert av Ole Johnny Devik. I den andre filmen fortel ein tidlegare elev ved naturbruk på Mo om utdanninga, og om vegen vidare: informasjonsfilm om Naturbruk, med Steffen Fjellestad

Første året (vg1)

Det første året har du programfaga produksjon og tenesteyting og naturbasert produksjon og tenesteyting og naturbasert næringsaktivitet.  I tillegg har du fellesfaga engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving.

Ved Førde vidaregåande skule, Naturbruk kan du velje følgjande:
  • Naturbruk
  • Naturbruk med hest

Vg1 Naturbruk

Du som vel naturbruk må ha interesse for dyr og like å vere ut i naturen.  Utdanninga er praktisk retta.  I tillegg til husdyrhald og jord- og skogbruk, er friluftsliv, jakt og fiske noko ein kan fordjupe seg i.  Dei som tek vg1 naturbruk kan gå vidare på vg2 landbruk og gartnarnæring og vg2 heste- og dyrefag på skulestad Mo.

Vg1 Naturbruk med hest

Naturbruk med hest er ei praktisk utdanning der mykje av undervisninga er retta mot stell og bruk av hest og hesteanlegg (stall, ridehall, ridebaner og luftegardar). Elevane får og opplæring i stell av andre husdyr, samt friluftsliv og anna bruk av naturen. Det er mogeleg å ta med sin eigen hest. Etter dette skuleåret kan ein på Mo velje vg2 heste- og dyrefag eller vg2 landbruk og gartnarnæring. 

Andre året (Vg2)

Hos oss kan du velje mellom følgande programområde på vg2
  • vg2 Landbruk og gartnarnæring
  • vg2 Heste- og dyrefag

 

Vg2 Landbruk og gartnarnæring

På vg2 landbruk og gartnarnæring har du programfaga forvaltning og drift og produksjon og tenesteyting. I tillegg har du fellesfaga norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving.

Landbruk og gartnarnæring legg vekt på ein kombinasjon av teori og praktisk arbeid.  Ungdomsbedrift er vektlagt i faget forvalting og drift. Klassen får delta på fagturar og ekskursjonar.

Etter at du har fullført vg2 landbruk og gartnarnæring, kan du velje følgande:
  • Fagbrev agronom, 2 år som lærling. I tillegg kan du gå ut i lære i gartnarfaget.
  • Vg3 påbygg til generell studiekompetanse

 

Vg2 Heste- og dyrefag

på vg2 heste- og dyrefag har du programfaga drift og entreprenørskap og dyrelære og aktivitet. I tillegg har du fellesfaga norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving.

Vg2 heste- og dyrefag er 2. året på vegen mot fagbrev i hestefaget eller dyrefaget (2 år i lære etter vgs), men passar og for deg som vil ta vg3  påbygg til generell studiekompetanse.  Elevane får grundig innføring i dagleg stell og ulik bruk av hesten, vedlikehald av stall og rideanlegg, anatomi, fysiologi og sjukdomslære, fôringslære og mykje meir. Klassen startar og driv ungdomsbedrift og ein får delta på ekskursjonar og fagturar.

Du kan  velje å gå ut i lære i følgande fag: 
  • Dyrefaget
  • Hestefaget 

Du kan også velje å ta vg3 påbygg til generell studiekompetanse.

.

Presentasjon Naturbruk