- Bygg- og anleggsteknikk
- Elektro og datateknologi
- Helse og oppvekst - studieførebuande
- Helse- og oppvekstfag
- Kunst, design og arkitektur
- Medium og kommunikasjon
- Naturbruk
- Påbygging til generell studiekompetanse
- Restaurant- og matfag
- Sal, service og reiseliv
- Studiespesialisering
- Studiespesialisering med toppidrett
- Teknologi- og industrifag
- UPH skulen
- Vaksenopplæring

Om Førde vidaregåande skule
Velkommen til heimesida vår! Førde vidaregåande skule er geografisk todelt, med skuledrift på Mo og i nybygget i Førde sentrum. Vi har høge ambisjonar for læring og utvikling, og vi ønskjer å legge til rette for eit trygt og godt læringsmiljø der du som elev får utvikle deg både fagleg og sosialt.
Informasjon til foreldre og elevar i 10. klasse
Som førebuing til søknad til vidaregåande opplæring tilbyr vi digitale presentasjonar om alle våre utdanningsprogram.Aktuelle saker
Medaljedryss under ungdoms-NM i vektløfting i helga
I helga blei det arrangert ungdoms-NM i vektløfting i Naustdal. Tambarskjelvar fekk Norgesmeistrar både blant gutane og jentene, og Marius Alvolai Myrvang Røyseth frå klasse 2ELEA ved Førde vgs sette heile fire Norgesrekordar.

Elevundersøkinga 2023
Årets elevundersøking skal gjennomførast i perioden veke 48 og veke 49. Her finn du meir informasjon om elevundersøkinga.

Lærarstilling på Medium og kommunikasjon og på Kunst, design og arkitektur
Frå snarast har vi ledig inntil 80% vikariatstilling som lærar på medium og kommunikasjon og kunst, design og arkitektur. Dersom du har kompetanse innan eitt av dei to programområda, kan stillinga eventuelt delast opp. Kvalifikasjonar: Kompetanse inn...

Open kveld ved Førde vidaregåande skule
Onsdag 22. november mellom kl. 16.00- 19.00 inviterer vi til omvising på Førde vidaregåande skule for dei som ynskjer å sjå den nye og flotte skulen vår. Det blir frammøte ved inngang A. Velkommen til open kveld!

Utlysing: Lærar i norsk - styrking for minoritetsspråklege
Vi har ledig 40-50 % prosjektstilling for å styrke norskopplæringa til minoritetsspråklege i nokre programfag, frå snarast.

Klasse 1SRA på Handelskonferanse i Førde
Torsdag 26. oktober deltok vg1 klassen på Sal og service på Handelskonferansen i Førde. Handelskonferansen er i regi av handelsgruppa i Fins, og er ei årleg samling for dei som jobbar med handel og service i Førde. Tema som blei tatt opp på konferans...

Utdanningsval 23. og 24. oktober: Tusen takk for besøket!
Under utdanningsval måndag og tysdag denne veka, fekk vi besøk av rundt 300 elevar frå 10. klasse, som hospiterte ved dei ulike programområda ved Førde vgs.

Velkommen til utdanningsval ved Førde vidaregåande skule måndag og tysdag 23. og 24. oktober
Kjære hospitant. Vi er glad for å kunne ønske deg velkommen til utdanningsval ved Førde vidaregåande skule i veke 43. Du vil her på denne sida i veka før utdanningsval finne informasjon og program knytt til dei ulike programområda ved skulen.

Feiring av fårikålens festdag med inviterte gjestar
Torsdag 28. september blei fårikålens festdag feira ved Førde vidaregåande skule - saman med inviterte gjestar. Det var på byrjinga av 1970-talet at fårikål først blei kåra til Norges nasjonalrett, og i 1998 fekk nasjonalretten sin eigen festdag. I 2...

Aktivitetar for elevar ved Førde vgs hausten 2023
Kvar tysdag er Løa open for ungdom i vidaregåande opplæring, elevar og lærlingar. Dette er eit samarbeid mellom Sunnfjord kommune og Førde vgs. Du kan også bli med på kjekke aktivitetar på torsdagar. Du kan melde deg på aleine eller saman med andre....

Gjesteførelesing med professor Dag O. Hessen
Måndag fekk elevar i biologi og naturfag på vg1 studieførebuande med seg ei gjesteførelesing av Dag O. Hessen. Hessen er professor i biologi ved Universitetet i Oslo og har gjeve ut fleire bøker. «Verden på vippepunktet» kom ut i 2020, og dette var ò...

KDA-elevar på kurs og utstilling i Vevring
Fredag 15. september reiste vg2 og vg3-klassen på Kunst, design og arkitektur (KDA) til Vevring. Her fekk dei sjå årets Vevringutstilling, og fekk også delta på eit kurs med kunstnaren Andrea Grundt Johns.

Offisiell opning av Førde vidaregåande skule
Tysdag 5. september blei nye Førde vidaregåande skule offisielt opna. Opninga blei markert med kaker i lunsjen til elevar, tilsette og gjestar. Deretter blei det både talar, kulturelle innslag og omvising på skulen.

Resultat av skulevalet ved Førde vidaregåande skule
Etter skulevalet i går ved Førde vgs der 82% deltok, er no resultatet klart. Til saman 795 elevar stemte. Av desse er 769 stemmer godkjent. Det er 26 som har stemt blankt.

Valdebatt ved Førde vidaregåande skule
Fredag 1. september blei det gjennomført valdebatt ved Førde vidaregåande skule. I debattpanelet deltok engasjerte ungdomspolitikarar frå Raudt, SV, Arbeiderpartiet, Senterpartiet, MDG, KRF, Venstre, Høgre og Framskrittspartiet.

Foreldremøte Førde vidaregåande skule september 2023
Velkommen til foreldremøte ved Førde vidaregåande skule! Foreldremøta har to delar: Først eit fellesmøte i auditoriet (skulestad Førde) eller hallen (skulestad Mo). Etterpå går ein med kontaktlærar til klasserommet.

Stortingspresident Masud Gharahkhani på besøk ved Førde vidaregåande skule
I dag, tysdag 29. august – fekk vi hyggeleg besøk på skulen av stortingspresident Masud Gharakhani, saman med lokale arbeidarpolitikarar. På programmet stod blant anna frukost med elevar i kantina om morgonen, og deretter omvising med rektor Mats Bry...
