Hopp til hovedinnhold

Informasjonskveldar på Førde vidaregåande skule for elevar og føresette i 10. klasse

I samband med innsøking til vidaregåande skule inviterer vi 10. klassingar med føresette til open kveld. Det blir informasjonsstand for dei ulike utdanningsprogramma, kort informasjonsmøte, og høve til å besøke dei ulike undervisningslokala. Vi vil også ha ein stand der ein kan snakke med rådgjevarane våre.

På skulestad Førde tysdag 20. januar kl 1800-2000

Oppmøte Hjarterom, hovudinngang A mot RV.5. Her vil vi informere om alle utdanningsprogramma våre, også tilboda på Mo. I tillegg til stands blir det arrangert kort informasjonsmøte i auditoriet kl 1800.  

På skulestad Mo onsdag 21. januar kl 1900-2030

Oppmøte i Hallen. Her vil vi informere om tilboda innanfor naturbruk, med høve til omvising på skulegarden. 

Vel møtt!

Beste helsing 

Mats Bryne

Rektor Førde vgs