Vidaregåande er ei spennande og krevjande tid. Ungdommen formar framtida si, tek viktige val og får meir fridom - og meir ansvar. Du er framleis ein av dei viktigaste vaksne i livet deira.

SAMAN HEILE VEGEN
FORELDRE TIL UNGDOM PÅ VIDAREGÅANDE
Din ungdom – ditt engasjement – stor betydning
Vidaregåande er ein spennande og krevjande tid. Ungdommen formar framtida si, tek viktige val og får meir fridom – og meir ansvar. Du er framleis ein av dei viktigaste vaksne i livet deira.
FORELDREROLLA
Vis interesse. Spør, lytt og vis at du bryr deg. Det gjer ein forskjell.
Gi støtte og oppmuntring. Tru på ungdommen din, og feir både små og store meistringar.
Set tydelege grenser. Trygge rammer gir fridom og gode val.
Hald kontakten. Små pratar om kvardagen er viktige – også når ungdommen bur heime eller på hybel.
Samarbeid med andre foreldre. Ein god dialog mellom foreldre skaper tryggleik for alle.
FØREBYGGING
Nettbruk og digitale val. Snakk om skjermtid, sosiale medium, deling og nettvett.
Venskap og inkludering. Hjelp ungdommen å ta vare på seg sjølv og andre.
Psykisk helse. Vis forståing og spør korleis dei har det – og lytt til svaret.
Rus og press. Snakk om forventningar, konsekvensar og korleis ein kan seie nei.
UNGDOM PÅ HYBEL?
Avtal faste tidspunkt for kontakt. Til dømes video- eller telefonsamtalar.
Snakk om kvardagsrutinar. Mat, søvn, økonomi, vasking og hygiene.
Bli kjend med nærområdet. Skule, kollektivtilbod, helsetilbod og fritidstilbod.
Snakk om grenser. Rus, festing og det å be om hjelp.
Vis at du er der. Også når det er vanskeleg.
VIKTIGHETA AV GODE FRITIDSAKTIVITETAR
Meistring, vennskap og tilhøyrsle.
Ein positiv pause. Fritid kan gi avstand frå stress og press.
Ein viktig beskyttelsesfaktor. Eit godt fritidsmiljø kan bidra til å førebygge mistrivsel og rus.
Oppmuntre og vis interesse. Støtt ungdommen i det dei er opptekne av.
INNBYGGARAPPEN TIL SUNNFJORD KOMMUNE
I innbyggarappen finn du nyttig informasjon om fritidsaktivitetar, kulturtilbod, arrangement og nyheiter i kommunen.
Last ned appen der du lastar ned appar.
FORELDRENETTVERK – SAMAN ER VI STERKARE
Eit sterkt foreldrenettverk er ein av dei beste ressursane vi har for ungdommen.
- Bli kjend med andre foreldre
- Samarbeid om grenser og forventningar
- Del erfaringar og støtt kvarandre
- Ta kontakt om du er uroa for nokon
NYTTIGE KONTAKTAR
SKULEHELSETENESTA
Wencke Bruland – 906 53 449
Anita Løkkebø – 414 90 797
SLT
Samordning av lokale rus og kriminalitetsforebyggande tiltak
Politikontakt: Håvard Slåtten – 996 36 846
Utekontakt: Tove Nedrebø – 415 30 913
Ungdomskoordinator: Eli Britt Danielsen – 948 18 440
Ungdommen din treng ikkje perfekte foreldre – dei treng foreldre som bryr seg.
SAMAN SKAPER VI TRYGGLEIK, TRIVSEL OG FRAMTIDSMOT!