Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta blir gjerne omtala som born og unges bedriftshelseteneste. Dette er ei gratis, lett tilgjengeleg drop-in teneste på skulen.

Skulehelsetenesta tilbyr rettleiing, helseundersøking, vaksinering, oppfølging og ved behov òg vidare henvising. Skulehelsetenesta har teieplikt, men samarbeider med heim, skule og øvrig hjelpeapparat der dette er nødvendig eller ynskeleg.

Hjelp til dei som treng det

Er det noko du tenkjer på som du treng å snakke med oss om? Er du engsteleg, føler deg deprimert eller nedfor? Har du bekymringar omkring helsa din? Opplever du noko som kjennes vondt? Til deg som er føresett: Er du bekymra for ungdomen din?

Skulehelsetenesta ønskjer å gi elevane som treng det eit tilbod. Kontaktinformasjonen finn du på sida vår om skulehelsetenesta.

Treng du nokon å snakke med?

Nedanfor har vi samla nokre kvalitetssikra og gode hjelpeinstansar som du kan ringe til eller chatte med.

Helsestasjon for ungdom i Sunnfjord

Helsestasjon for ungdom i Sunnfjord er open tysdagar kl 14:00-17:30. På nettsidene til Sunnfjord kommune finn du meir informasjon

Telefonen er for born som blir utsett for omsorgssvikt, vald og overgrep. Telefonnr. er 116111, og det er gratis å ringe. Les meir om Alarmsentralen for barn og unge 

Treng du nokon å snakke med? Nokon som har tid til lytte, nokon som kan gi deg råd og informasjon? Hjelpetelefonen er eit døgnopent tilbod