Hopp til hovedinnhold

Burgartest, vg2 Kokk og servitør

Elevar frå Restaurant og matfag, vg2 Kokk og servitør.

Fredag 15. desember 2023. var Journalist Tobias Lucy og nyheitsredaktør Øysten Silde Frønsdal på besøk til RM kokk og servitørklassen vg2. Faglærer Bodil Erdalsdal hadde i lag med elevane førebudd ei burgeroppgåve, og var klar til testing av tre typar burgarar med tilbehøyr. Det var ulike typar kjøtt som blei prøvd ut.

Tekst: Bodil Erdalsdal, Restaurant og matfag ved Førde vgs

Foto: Øystein Silde Frønsdal, Firda

Føringar

På førehand hadde faglærar fått nokre føringar frå Tobias Lucy som skulle prøvast ut i lag med elevane.

  • Eg er stor fan av halvsteikt
  • Karamellisert løk er alltid ein innertiar
  • Skulle de i ein av dei tre burgarane ville gå for noko litt meir eksperimentelt, så har eg berre prøvd eit slag surf n' turf burgar, og vil gjerne prøve fleire.
  • Eg vil ha brødoppskrifta di på burgarbrød på minst ein av burgarane. Den såg god ut. Eg er også glad i briochebrød. Du nemnde også i samtalen vår at det er mogleg å få til noko godt med sesamfrøbrød. Det vil eg gjerne sjå.
  • Eg er på overordna nivå ekstremt glad i kvitløk. Kva de vel å gjere med denne informasjonen er opp til dykk.
  • Ikkje ver redde for å velje noko heilt bananas og totalt «uhøyrd» når det kjem til osten. Eg er superglad i ost, og gjerne det som ikkje er A4.
  • Når det kjem til fries: frie taumar, men dei må i mine auge vere i alle fall noko salte ved servering.

Kjekk utfordring

Elevane syns dette var ei kjekk oppgåve, og det vart litt konkurranse dei i mellom om å lage den beste burgaren. 

Kva burgar vann kåringa?

Det vart Briochebrødvarianten som vart kåra til Firda burgaren. Vi gratulerer dei flinke elevane!

Les gjerne heile saka på Firda si nettside (for abonnentar)