Torsdag før vinterferien inviterte Tekstallianse og Rom for ord til samtale og refleksjon om intervjuteknikk. Samtalen mellom NRK-journalist Erlend Blaalid Oldeide og diktar og forfattar Brynjulf Jung Tjønn blei arrangert i samarbeid med Nynorsk Avissenter. Blant gjestane var både nynorskpraktikantane og 2MKA.
Tekst og foto: Marie Stafsnes Osland
I Firda sine lokale fekk 2MKA gode intervjutips av Brynjulf Jung Tjønn frå Feios i Vik i Sogn. Her blei han intervjua av NRK-journalist Erlend Blaalid Oldeide – om nettopp det å bli intervjua.
Samtalen tok utgangspunkt i korleis Tjønn si nyaste bok, «Kvit, norsk mann», har blitt omtala i pressa. Tjønn fortalde om ulike opplevingar med pressa frå tidleg i karrieren og heilt fram til i dag, og han gav gjennom dette ulike råd til korleis ein bør gå fram som journalist, både før, under og etter intervju. I samtalen kom ein også i stor grad innom tematikken i boka, om det å vakse opp som adoptert i Norge – om å vere norsk, men å ikkje bli sett på som det.
Elevane i 2MKA opplevde samtalen som svært interessant og lærerik på fleire plan, og dei lærte blant anna at det var viktig å gjere grundig førehandsarbeid samt skape trygge rammer for intervjuobjektet. Dette kjem godt med når dei no skal i gang med å lage mini-dokumentarar.


