Hopp til hovedinnhold

Elevundersøkinga 2023

Elevar

Årets elevundersøking skal gjennomførast i perioden veke 48 og veke 49. Her finn du meir informasjon om elevundersøkinga.

Når undersøkinga skal gjennomførast får elevane utdelt kvart sitt brukarnamn og passord. Innlogging til elevundersøkinga finn du her  

Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevane får seie si meining om læring og trivsel ved skulen. Denne undersøkinga er obligatorisk for skulane å gjennomføre for vg1. Førde vidaregåande skule gjennomfører undersøkinga for alle trinn ved skulen. Svara vert brukt av skulen, fylkeskommunen og staten til å følgje opp skulemiljøet og elevane sin trivsel. Det er frivillig å svare på elevundersøkinga og det er mogleg å hoppe over spørsmål. 

Elevane skal ikkje skrive inn namn, og det er ikkje knytt personnummer til svara. Det er difor vanskeleg å finne ut kven som har svara kva i undersøkinga. I nokre få tilfelle kan det vere risiko for at nokon kan kjenne att kven som har svara kva. Det er difor strenge reglar for visning av resultat frå undersøkinga til skulen, skuleeigar og statlege utdanningsmyndigheiter. Resultata frå undersøkinga skal ikkje publiserast på ein slik måte at det vert mogleg å kjenne att eleven sine svar. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for at svara i elevundersøkinga vert lagra og brukt på rett måte. Svara frå elevundersøkinga vert lagra så lenge det er naudsynt. Svara kan bli brukt til forsking og statistikk, og kan lagrast i arkiv. Statistikk frå undersøkinga er tilgjengeleg på udir.no

Her finn du skriv frå UDIR om korleis personopplysningar vert handsama

Dersom du lurer på kva spørsmål elevane får, finn du ein demovisning her.