Torsdag 28. september blei fårikålens festdag feira ved Førde vidaregåande skule - saman med inviterte gjestar. Det var på byrjinga av 1970-talet at fårikål først blei kåra til Norges nasjonalrett, og i 1998 fekk nasjonalretten sin eigen festdag. I 2014 vann fårikålen tittelen for andre gang, og den er no heilt klart Norges ubestridte nasjonalrett!
Foto og tekst: Bodil Erdalsdal
VG2 kokk og servitør serverte fårikål og eple/plommekake til samarbeidspartnarar (bransje, næringsliv, politikarar og NKL medlem). Gilde Nortura SA er ein samarbeidspartnar som leverer fårikål-kjøtt og utstyr til borddekking. Alle var veldig fornøgd med maten og arrangementet.
Tema var også rekruttering, og medialinja ved Førde vgs var med for å filme video som dei skal lage om RM (rekrutteringsfilm).

Bilete av kokken er frå kjøkkenet ved Førde vidaregåande skule Foto: Bodil Erdalsdal

Bilete av fårikål laga ved Førde vidaregåande skule. Foto: Bodil Erdalsdal

Her ser vi bilete av forventningsfulle gjestar på fårikålens festdag ved Førde vgs. Foto: Bodil Erdalsdal