Hopp til hovedinnhold

Foredrag rus VG1

Bilde av Jon Anders Schei, Psykisk helse og rus, Tove Nedrebø, Utekontakt, Martin, Erfaringskonsulent alle frå Sunnfjord kommune og Odd Helge Vågseth, Politikontakt for Sunnfjord kommune

Veka før vinterferien hadde alle VG1 klassane på Mo og Øyrane foredrag om Rus: konsekvensar og førebygging. Foredraget vart halde av Jon Anders Schei, Psykisk helse og rus, Tove Nedrebø, Utekontakt, Martin, Erfaringskonsulent alle frå Sunnfjord kommune og Odd Helge Vågseth, Politikontakt for Sunnfjord kommune

Målet med føredraget er å gi ungdommane verktøy til å ta gode val for seg sjølv basert på kunnskap og informasjon både om rusmiddel, statistikk og lovverk.

Alle elevane fekk sjå informasjonsvideo om sju rusmiddel som vart laga som ekstramateriell til NRK serien Rus med Leo Ajkic. Lenke til filmen her.

Det vart vist til ungdatatal frå 2020, på VG1 på landsbasis er det om lag halvparten av ungdommane som bruker alkohol, og som tala syner er det mange som ikkje drikk alkohol. Elevane fekk også sjå tala for Marihuana. Så sjølv om enkelte prøver eller utforskar er det flest som ikkje gjer det.

Til sist vart det vist til ulike plassar ein kan søke kunnskap, rettleiing eller hjelp.