Måndag fekk elevar i biologi og naturfag på vg1 studieførebuande med seg ei gjesteførelesing av Dag O. Hessen. Hessen er professor i biologi ved Universitetet i Oslo og har gjeve ut fleire bøker. «Verden på vippepunktet» kom ut i 2020, og dette var òg tittelen på føredraget han hadde for oss.
Tekst og foto: Hilde Kvamsås Aa
Hessen snakka om korleis det står til med natur og klima – og om kor ille det kan gå. Samstundes løfta han fram at vi står ved eit vippepunkt der vi òg kan snu utviklinga i tide til å avverge dei verst tenkelege scenariene, og at vi kan gjere meir og må gjere det raskare. Auditoriet var fullsett, ikkje eit sete var ledig, tema engasjerte og det kom gode spørsmål frå elevane.

Over: Dag O. Hessen held føredrag for elevar i biologi og naturfag på vg1, ved Førde vgs. Foto: Hilde Kvamsås Aa