Hopp til hovedinnhold

Hugs søknadsfristen 1. mars

01 Frå ein vidaregåande skule (pexels_com).jpg

Har du søkt skuleplass eller lærlingplass?

Hugs søknadsfristen 1. mars!

På sida til vilbli.no finn du informasjon om kva du kan søkje på. Du finn også informasjon om søknad og inntak på nettsida til Vestlandfylke

Gå inn på nettsida vigo.no for å søkje.

Treng du hjelp til å søkje?

Rådgjevar på skulen du går på i dag vil hjelpe deg med råd om val av utdanningsprogram og med sjølve søkinga. Andre som kan hjelpe deg med dette er lærarar og føresette. 

Førde vidaregåande skule

Både du som elev og føresette kan ta kontakt med rådgjevarane og avdelingsleiarane ved Førde vidaregåande skule dersom du har spørsmål eller treng råd. 

På heimesida til Førde vgs finn du også god informasjon om alle utdanningsprogramma våre i tekst og med digitale presentasjonar

På denne sida finn du også meir  informasjon knytt til kvart programområde ved Førde vidaregåande skule.