Hopp til hovedinnhold

Informasjonskveld på Førde vidaregåande skule for elevar og føresette i 10. klasse

Foto av ein lærar som skriv på ei tavle

I samband med innsøking til vidaregåande skule inviterer vi 10. klassingar med føresette til open kveld, ved skulestad Førde 22. januar, og ved skulestad Mo 25. januar. Det blir informasjonsstand for dei ulike utdanningsprogramma, og høve til å besøkje dei ulike undervisningslokala. Vi vil også ha ein stand der ein kan snakke med rådgivarane våre.

På skulestad Førde måndag 22. januar kl 1800-1930, oppmøte Hjarterom, hovudinngang A mot RV.5. Her vil vi informere om alle utdanningsprogramma våre, også tilboda på Mo.

På skulestad Mo torsdag 25. januar kl 1800-1930 med oppmøte i Hallen. Her vil vi informere om tilboda innan for naturbruk, med høve til omvising på skulegarden.

Vel møtt!