Hopp til hovedinnhold

Inviterer til landsfinale for ungdom i Førdehuset

Elisabeth Bjørvik, Foto - Odin Min Eide

Førstkomande helg (27. - 29. januar) møtes 54 lag til volleyballcup i Førdehuset under årets MVGS cup. Elisabeth Bjørvik er ein av arrangørane, og ser fram til å vere vertskap for arrangementet.

Tekst: Jakob Vårdal Skrøppa, 1mka

Foto: Odin Min Eide, 2mka

Landsfinale for ungdom i Førdehuset

− No er det hektisk innspurt for å få på plass alt, seier ho.

Bjørvik sit i arrangementgruppa og har ansvar for at alt av utstyr skal vere på plass der det skal. Ho meiner at Førdehuset er ein super plass å arrangere cupen på. Førdehuset har ni baner, og elles stor plass til dei som ikkje skal spele.  

MVGS er eit meisterskap for vidaregåande skular. Det er gjennomført kvalifisering rundt om i Norge, der vinnarane frå kvar region har kvalifisert seg til landsfinalen i Førde. I tillegg til å sjå landsfinalen live i Førdehuset kan ein også følgje resultat i kampane på nettstaden profixio.

I år vil det vere totalt 54 lag, då det er 16 gutelag, 14 jentelag og 24 mikslag. Det som skil dette arrangementet frå vanleg volleyball er at det er eit breiddearrangement, altså at det er for dei som spelar for gøy og for dei som satsar på sporten. 

− Det er også gode moglegheiter for å møte opp å sjå på kampane, seier Bjørvik, og legg til at publikum vil sjå stor speleglede på eit variert nivå, og møte mange lokale i aksjon frå både Florø, Førde og Sunnfjord Folkehøgskule og United World College frå Flekke.

Førde volleyball klubb stiller med hall og overnatting som arrangør. Klubben har sett saman ulike grupper som jobbar med sosiale medium, overnatting, mat og gjennomføring av Førdehuset. Det vert også overnatting på Hafstad vidaregåande skule – samt dei overnattande har fått tilbod om overnatting på Sunnfjord hotell, m.m. tilpassa arrangementet.

For overnatting og losji er svært viktig for å kunne få eit slikt arrangement til å gå rundt, då det er mange ungdomar som skal vere i Førde og i Førdehuset denne helga.

Opningsseremonien finn stad i Førdehuset kl 09:30 fredag, før puljespela tek til. Laurdagen er det 1/16 delfinalar, semifinalar og nedre sluttspel – før søndagen sine avsluttande plasseringsspel og  bronsefinalar. Finalespel er punktum på helga, og vert spelt søndag kl. 12.

− Eg oppfordrar alle til å kome å sjå på, avsluttar Bjørvik. Som har tru på ei innhaldsrik volleyballhelg i Førde. 

Elisabeth Bjørvik, Foto av Odin Min Eide.jpg

 

Over: Arrangerer storcup for ungdom: Elisabeth Bjørvik er medlem av arrangørkomiteen og sentral i forarbeid og gjennomføring av mvgs-cupen som er i Førde denne helga. Foto: Odin Min Eide.