Hopp til hovedinnhold

KDA-elevar på kurs og utstilling i Vevring

Elevar frå 2KDA og 3KDA ved Førde vgs, jobbar med trykketeknikk i Vevring

Fredag 15. september reiste vg2 og vg3-klassen på Kunst, design og arkitektur (KDA) til Vevring. Her fekk dei sjå årets Vevringutstilling, og fekk også delta på eit kurs med kunstnaren Andrea Grundt Johns.

Tekst: Mona Fossdal

På årets Vevringutstilling deltok mellom anna kunstnarane Frøydis Aarseth, Unni Askeland, Franzisca Siegrist, Sarah Karlsson, Marthe Aas, Eva Marit Edwardsen Masoud Alireza, Charlotte A.J. Cohen og Andrea Grundt Johns med arbeid innan mange ulike sjangre og teknikkar.

01 Vevringutstillinga 2023 b.jpg

Over: Bilete frå Vevringutstillinga hausten 2023. Foto: Karoline Vie

02 Vevringutstillinga 2023 b.jpg

Over: Bilete frå Vevringutstillinga hausten 2023. Foto: Karoline Vie

03 Vevringutstillinga 2023 b.jpg

Over: Bilete frå Vevringutstillinga hausten 2023. Foto: Karoline Vie

08 Vevringutstillinga 2023 b2.jpg

Over: Bilete frå Vevringutstillinga hausten 2023. Foto: Karoline Vie

Elevane våre blei også inviterte til å delta på kurs, der dei fekk opplæring i teknikken cyanotypi, som er ein avtrykksteknikk. Kunstnaren som stod for dette kurset er Andrea Grundt Johns: https://www.agjohns.com/. Kurset blei gjennomført utandørs i dagslys, der bileta blei framkalla (og blei vaska) i fjorden. På dette viset blei teknikkens historiske bakgrunn knytt tett opp mot dagens kamp for fjorden i Vevring. Kjemikaliane er heilt ufarlege, og utgjer difor ikkje fare for skade på naturen.  

04 Vevringutstillinga 2023.jpg

Over: Bilete frå Vevring, der elevar på KDA deltek på kurs i teknikken Cyanotypi. Foto: Karoline Vie

Kort om teknikken: Cyanotypi er den eldste fotografiske teknikken som fortsatt er i bruk i dag. Den blei utvikla av astronomen og universalgeniet Sir John Herschel i 1842, og blei allereie same året tatt i bruk av botanikeren Anna Atkins i hennar studiar av dei britiske algene. Bileta blir framkalla i sollys/UV-lys og blir vaska i rennande vatn. Resultata er knall blå fotografiske avtrykk, derav namnet cyanotypi (blå-kopi). 

05 Vevringutstillinga 2023 b.jpg

Over: Bilete frå Vevring, der elevar på KDA deltek på kurs i teknikken Cyanotypi. Foto: Karoline Vie

06 Vevringutstillinga 2023 b2.jpg

Over: Bilete frå Vevring, der elevar på KDA deltek på kurs i teknikken Cyanotypi. Foto: Karoline Vie og Silja Juklestad

07 Vevringutstillinga 2023 b2.jpg

Over: Bilete frå Vevring, der elevar på KDA deltek på kurs i teknikken Cyanotypi. Foto: Karoline Vie

09 Vevringutstillinga 2023 b2.jpg

Over: Bilete frå Vevring. Foto: Karoline Vie