Hopp til hovedinnhold

Klasse 1SRA på Handelskonferanse i Førde

Klasse 1SRA deltok på Handelskonferansen i Førde, 26. oktober 2023

Torsdag 26. oktober deltok vg1 klassen på Sal og service på Handelskonferansen i Førde. Handelskonferansen er i regi av handelsgruppa i Fins, og er ei årleg samling for dei som jobbar med handel og service i Førde. Tema som blei tatt opp på konferansen er av stor fagleg verdi for elevane på Sal, service og reiseliv.

Programmet dekka tema som rekruttering med Geir Espe (adm. dir.) og Øyvind Indrebø (HR-direktør) i Coop Norvest, Ung jobb med Tove Nedrebø – Sunnfjord kommune, panelsamtale med Linda Hovland (framtidsfylket), Geir Espe (Coop Nordvest) og Stine Hagenes frå Jobbpartner. Panel blei leia av Anne Mette Hjelle.

Trond Teigene frå Sparebanken Sogn og Fjordane kom inn på tema som lokale og nasjonale utsikter framover, og Steinar B. Christensen hadde «morgondagens servicehelt» som tema. Det blei også lagt opp til workshop i salen.

Etter lunsj diskuterte Ina Stølen og Geir Espe frå Coop Norvest temaet «Mystery shopper», og opna deretter opp for ein panelsamtale rundt resultata. Politikar Gunn Merete Paulsen frå Sunnfjord venstre hadde deretter eit innlegg om handelsbyen Førde.

Dagen blei avslutta med panelsamtale rundt nye tilbod i Førde. Trond Valaker leia panelet som bestod av Odd Erik Gullaksen ved Scandic Sunnfjord hotel, Lene Hafstad frå Røyst, Frode Noreide frå Elvesus, Rebekka Ullebø frå Pikant, og Line Kilnes frå Dolly Dimples.

Elevane hadde med seg læraren sin Anna Czarny denne dagen.

1 SSR hausten 2023.jpg

Over: 1SRA på Handelskonferansen i Førde, 26. oktober. Foto: Anna Czarny.

2 Hausten 2023.jpg

Over: Foto frå Handelskonferansen i Førde, 26. oktober. Foto: Anna Czarny.

3.jpg

Over: Foto frå Handelskonferansen i Førde, 26. oktober. Foto: Anna Czarny.

4.jpg

Over: Her ser vi SSR-gjengen på Handelskonferansen i Førde, 26. oktober. Foto: Anna Czarny.

5.jpg

Over: 1SRA på Handelskonferansen i Førde, 26. oktober. Foto: Anna Czarny.

6.jpg

Over: Frå Handelskonferansen i Førde, 26. oktober. Foto: Anna Czarny.

7.jpg

Over: Foto frå førelesing på Handelskonferansen i Førde, 26. oktober. Foto: Anna Czarny.