Hopp til hovedinnhold

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun på besøk til Førde vidaregåande skule

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun på besøk til Førde vgs. Her er ho saman med ein elev på verkstad til TIF.

Tysdag 23. januar fekk vi besøk av kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun – med følgje. På programmet stod besøk til Helse og oppvekst, og besøk i verkstadar for Byggfag og TIF. Det blei også lagt opp til dialog mellom statsråden og elevar ved skulen.

Tekst og foto: Mona Fossdal

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun blir tatt i mot ved Førde vgs. I grå frakk til venstre ser vi stortingsrepresentant Torbjørn Vereide

Samling på personalrommet

Dagen starta med servering av velsmakande lappar og kaffi til gjestane, frå Restaurant og matfag (RM). Det var Harald Nordberg Bruland og Glenn Nikolai Holen frå RM vg1 som stod for serveringa. Dei to elevane fortalte også om framtidsplanane sine vidare, etter deira første skuleår på Restaurant og matfag ved Førde vgs.

unnskapsministeren saman med Glenn Nikolai Holen og Harald Nordberg Bruland frå Restaurant og matfag vg1.

Tale med rektor

Skulesamanslåing og fylkessamanslåing

Rektor Mats Bryne held tale til gjestane, der han fortalde om skulesamanslåinga mellom tidlegare Mo og Øyrane vgs og Hafstad vgs, og om skulekulturen i Sogn og Fjordane. Bryne trekte fram viktige felles verdiar for dei vidaregåande skulane i regionen, mellom anna fokuset på samskaping og inkludering.

Rektor Mats Bryne held tale til kunnskapsministeren.

Inkludering

Vidare kom rektor inn på korleis skulen jobbar med inkludering, m.a. knytt til organisering og samarbeid med Elevtenesta og Rettleiingstenesta (PPT). Elevane blir tilbydd gratis fritidsaktivitetar på kveldstid. Skulen jobbar også både med å førebygge- og ta tak i utfordringar som oppstår, for å skape eit trygt og godt skulemiljø. Samarbeidet med kommunen er godt. Dei vidaregåande skulane jobbar tett med kommunane knytt til overføringa mellom ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane. Elevar frå ungdomsskulen har også eit tilbod om arbeidslivsfag ved Førde vgs kvar veke.

Utfordringar i skulekvardagen

Noko som uroar rektor er utfordringar knytt til fråvær, og aukande behov for tilpassa opplæring. Her blir det mellom anna jobba med å lage ein alternativ arena som kan ivareta behova til elevar med særskilte behov på ein enda betre måte. Skulen jobbar også med førebygging knytt til å gi avgangselevane ei trygg og god russetid. Ei anna utfordring Bryne kjem inn på gjeld rekrutteringa av lærarar. Her opplever ein at det er spesielt utfordrande å få inn lærarar på TIF og Elektro, og til 2. framandspråk.

Yrkesfaga

Bryne tok deretter opp skulen sitt arbeid med formidling av læreplassar for elevane på yrkesfag. Skulen har tett kontakt med bedriftene, og så å seie alle elevar som ønskjer seg læreplass får det. Samarbeidet med opplæringskontora er svært bra. Avdelingsleiar på Byggfag - Ivar Aarberg fortel om tett kontakt mellom skulen og næringslivet innafor byggfaga, noko som blir sett stor pris på.

Hilde Joveig Ellingsund – avdelingsleiar på Helse og oppvekstfag og Restaurant og matfag fortel om ei utfordring ho ser innafor Helse. Her opplever Ellingsund at det er for mange elevar som vel Påbygg det tredje året i staden for å gå ut i lære. Ellingsund påpeikar at vi treng fagarbeidarar. Samstundes tyder ikkje det på at vi ikkje ønskjer at elevane skal ta høgare utdanning. Kunnskapsministeren spør kvifor det er slik at elevane ikkje går ut i lære, men vel å ta påbygg? Det meiner Ellingsund at elevane sjølve må få svare på.

Russestyret

Russepresidenten John Olai Nordberg Bruland og visepresidenten Ingeborg Hamre, fekk fortelje litt om kva russestyret gjer i Førde. Russen har eit stort fokus på inkludering, og meiner at russetida også kan vere samlande. Det er to inkluderingssjefar i russestyret. Dei er med på å planlegge arrangement som er felles for heile russekullet. Det er eit nært samarbeid mellom russen, kommunen og politiet. Kommunen tek ansvar for å finne eit fellesområde for russen, der alle som er russ er velkomne. Foreldre blir også involverte.

Representantar frå russestyret ved Førde vgs.

Omvising på skulen

Helse og oppvekstfag

Etter informasjon frå russestyret, var det tid for ei runde rundt i skulebygget. Første stopp blei på avdelinga for Helse og oppvekstfag, der to elevar frå ambulansefaget og to frå helsearbeidarfaget fortalte om kva dei lærer innafor programområda, og om kva dei ser føre seg i forhold til vegen vidare. Den eine eleven på helsearbeidarfaget ønskjer å få seg læreplass, og jobbe på sjukeheim. Den andre eleven ønskjer å bli lærling, og jobbe med pasientar med psykiske og fysiske utviklingshemmingar.

I dialogen mellom ministeren og ein av elevane kom det fram at det kan vere utfordrande å få seg lærlingplass, da nokre kommunar ikkje følgjer opp elevars førespurnadar og søknadar. Elevane frå Helse og oppvekst som snakka med ministeren var Mats Mikkel Due, Signe Langeland, Aslak Henden Sætre og Stella Basco.  

På besøk til avdelinga for helse og oppvekst.

Besøk til TIF

Etter besøket på Helse og oppvekst fekk ministeren komme på besøk til verkstadane til TIF. Der fekk ho snakke med Mari Nordal frå 2PINA (vg2 Industriteknologi), som fortalte om planane om å søke læreplass etter vg2.

Ministeren fekk også utdelt ein flott dekorasjonsfigur og eit personleg namneskilt i metall, utarbeidd av elevane i ungdomsbedrifta Laserdesign UB på TIF. Skiltet var laga ved hjelp av ein laserkuttar. Det var Ida Marie Avedal, som representerte 1TPC og Laserdesign UB som overrekte skiltet og figuren.

Kunnskapsministeren helsar på elevar og tilsette på avdelinga for TIF og Byggfag.

Elevar både frå TIF og frå Byggfag snakka med ministeren om korleis dei har det på skulen, kva dei lærer, kva moglegheiter dei har etter å ha gått ved denne linja, og om framtidsplanane vidare. Marius Systad Nautheller som er elev ved Bygg fortalte at han ikkje heilt hadde bestemt seg om han ville ta læretida først eller gå påbygg først. Han ville uansett ta læretid og ta fagbrev som tømrar.  

Kunnsskapsministeren på besøk på verkstaden til TIF, der ho mottek ei gåve.

Til sist fekk ministeren ein demonstrasjon frå ein av elevane på bruk av skjærebrennar, og fekk sjølv teste ut dette verktøyet.

Her demonsterer ein elev på TIF korleis ein brukar ein skjærebrennar.

Vi takkar kunnskapsministeren med følgje – for eit hyggeleg besøk!