Hopp til hovedinnhold

Medaljedryss under ungdoms-NM i vektløfting i helga

Frå ungdoms-NM i vektløfting i Naustdal

I helga blei det arrangert ungdoms-NM i vektløfting i Naustdal. Tambarskjelvar fekk Norgesmeistrar både blant gutane og jentene, og Marius Alvolai Myrvang Røyseth frå klasse 2ELEA ved Førde vgs sette heile fire Norgesrekordar.

Ungdomsrekordane han sette var 110 kg rykk, 136 kg i støyt og 246 kilo samanlagt. Han vann også bestemannsprisen - ein premie som blir gitt ut til den beste løftaren, uavhengig av klasse. Vi gratulerer både Marius Alvolai og dei andre vinnarane så mykje med dei flotte resultata! Les gjerne meir om saka på nettsida til Firda.no.

Marius Alvolai Myrvang Røyseth under ungdoms-NM i vektløfting.
Gutane frå Tambarskjelvar IL. Ungdoms-NM i vektløfting i Naustdal.