Hopp til hovedinnhold

NM i Volleyball for vidaregåande skular

Førde vgs deltok i helga på NM for vidaregåande skule i Stavanger. Gutane fikk ein flott 2. plass og jentene ein flott 3. plass. Vi gratulerer!

Gutane oppsummerte det slik;
«Gutelaget starta turneringa utan å tape eit einaste sett, og dette fortsatte dei med heilt fram til finalen. Alle gutane fekk spele, men i ulik mengd, likevel var alle med å bidrog i gruppa. I finalen møtte dei Tertnes Vgs, og dei fekk ein god start og vann første settet 25-20. Deretter måtte dei sjå seg slått i dei to neste setta, 16-25 og 13-15, og dermed vart det 2.plass. Alt i alt spelte vi ei god turnering, der vi og hadde det kjekt og sosialt i mellom og etter kampane»

nm laget vgo.jpg

Jentene oppsummerte slik ;Puljekampane gjekk relativt lett, med null tapte sett. Alle fekk prøvd seg og vi spelte veldig bra. Då vi vant pulja kom vi direkte til kvartfinale og der møtte vi Framnes. Her vant vi knepent 2-1 og dermed var semifinalen sikra. Denne tapte vi dessverre, men vi tok med oss at vi kjempa godt mot vinnarlaget, tross at leggaren vår dessverre trakka over i kvartfinalen. I bronsefinalen møtte vi St. Olav. Vi spelte veldig bra og gjennomførte bronsen med god margin!

nm laget jenter vgo.jpg