Hopp til hovedinnhold

Offisiell opning av Førde vidaregåande skule

Fylkesordførar Jon Askeland overrekker nøkkel til rektor Mats- Bryne

Tysdag 5. september blei nye Førde vidaregåande skule offisielt opna. Opninga blei markert med kaker i lunsjen til elevar, tilsette og gjestar. Deretter blei det både talar, kulturelle innslag og omvising på skulen.

Tekst: Mona Fossdal

Kaker, foto Ole Johnny Devik.jpg

Over: Foto Ole Johnny Devik

Etter lunsjen blei fylkesordførar, ordførarar og andre inviterte gjestar ønska velkommen av rektor Mats Bryne.

Opningstale, foto Ole Johnny Devik.jpg

Over: Foto Ole Johnny Devik

Eit band frå Sunnfjord kulturskule «rocka» auditoriet med flotte musikalske innslag, med mellom anna «Layla» av Eric Clapton og «Sunshune Of Your Love» av Jack Bruce. Bandet består av Håvard Burdahl, trommesett, elev på Førde vgs. Daniel Fimland, el-gitar, elev ved Førde ungdomsskule, og Eskild Wyrtz, el-bass, elev ved Halbrend skule.

Band, Quoc Viet Nguyen.jpg

Foto: Quoc Viet Nguyen

Musikalsk innslag, Ola Ripe.jpg

Foto: Ola Ripe

Jan Tore Rosenlund frå eigedomsavdelinga i Vestland fylkeskommune kom i sin tale inn på historikken og bakgrunnen for bygginga av nye Førde vidaregåande skule. Skulebruksplanen i 2013 peika på arealutfordringar, med spreidde lokasjonar. Det blei i 2018 gjort vedtak om bygging av Førde vidaregåande skule. I 2021 tok bygginga til, og delar av skulebygningen blei ferdigstilt til skulestart hausten 2022. Skulebygningen er på 29000 kvm., til ein prislapp på 740 millionar. Rosenlund takka kommunen, entreprenøren Konsto, arkitektar, underleverandørar og fleire involverte for samarbeidet.

Jan Tore Rosenløv av Victoria Stein.jpg

Jan Tore Rosenløv. Foto: Victoria Stein

Fylkesordførar Jon Askeland gratulerte med den største skulen mellom Bergen og Trondheim. Askeland nytta omgrepet «eit kraftsentrum» om skulen. Han siterte Ivar Aasen: «Du skal bygge på tufta og ikkje på lufta». Det blei peika på verdien av ein skule med ei stor breidde i fagområde, og verdien av å samlokalisere yrkesfag og studiespesialisering. Samstundes blei det påpeika at det også vil vere viktig å sikre både store og små skular i distrikta framover.

Fykesordføraren og rektor, foto Ole Johnny Devik.jpg

Askeland kom inn på at det bygningsmessige i seg sjølv ikkje er det viktigaste. Ein skule består av veggar, tak og golv – med ber framtida inni seg. Askeland takka Opplæringsavdelinga og andre involverte, og takka også tilsette og elevar for tolmod i byggeperioden. Førde vidaregåande skule blei deretter erklært for offisielt opna. Rektor Mats Bryne blei overrekt ein nøkkel i imponerande målestokk – ein nøkkel som har blitt utforma på TIP.

Overrekking av nøkkel, foto Ole Johnny Devik.jpg

Over: Overrekking av nøkkel. Foto av Ole Johnny Devik

00 Nøkkeloverrekking, foto Ingrid Kristine Opheim Grønfur.jpg

Over: Overrekking av nøkkel. Foto: Ingrid Kristine O. Grønfur

Det blei også overrekt ei gåve frå fylkeskommunen, eit flott maleri.

Overrekking av maleri, foto Ole Johnny Devik.jpg

Over: Overrekking av maleri. Foto av Ole Johnny Devik

Rektor Mats Bryne takka for samarbeidet til alle som har bidratt i prosessen med bygginga av Førde vidaregående skule. Han presiserte at det er to skulestadar: Førde og Mo, og at det er viktig å ta vare på begge skulestadane. Bryne peika på at breidda i fagtilboda ved skulen er ein enorm ressurs. Ein kan få moglegheit til læring på tvers, og gjerne meir praktisk læring. Bryne har stor tru på det å slå saman yrkesfag og studiespesialisering. Elevane har gleda seg til å gå på same skule som venene dei gjekk på ungdomsskulen med.

02 Rektor og gjestar i auditoriet, Ingrid Kristine O Grønfur.jpg

Hjarterommet i Førde vidaregåande skule er ein populær samlingsstad for elevane. Skulefusjon handlar ikkje berre om bygningar men også om folk, og ulike kulturar. Ein jobbar med å lage felles rutinar, og har fokus på openheit og samskaping. Målet er å bygge ein sterk og inkluderande skulekultur.

Ordførar Jenny Følling peika på at den nye skulen vil vere eit kraftsenter for utdanning i fylket. Ho presiserte kor viktig det er å satse på borna og ungdommen vår, og håper at skulen vil gjere dei godt rusta for framtida. Følling takka for at dette har latt seg realisere, og at resultatet har blitt strålande. Følling takka også fylkesordføraren og Vestland fylke, og overrekte ei gåve til Vestland fylkeskommune. Gåva var eit trykk av Jorunn Mulen "Open page". Motivet viser sommarfuglar som består av opne boksider. Rektor blei gratulert med den nye skulen.

Jenny Følling, Quoc Viet Nguyen.jpg

Foto: Quoc Viet Nguyen

Etter talar og kulturelle innslag blei det befaring i dei ulike avdelingane på Førde vidaregåande skule.

Omvising på verkstadar, Reidun Kristiansen.jpg

Over: Foto Reidun Kristiansen

Etter befaringa blei det servert lunsj til gjestane. Under lunsjen blei det fleire talar – mellom anna frå rektor på Høgskulen på Vestlandet – Gunnar Ytri, som ser fram til samarbeid med Førde vidaregåande. Det blei halde tale frå Link arkitektur, og frå Konsto. Frå Link arkitektur blei det overrekt ei både fysisk- og symboltung statue av ei «vaktbikkje». Representantar frå Konsto takka fylkeskommunen for prosjektet, og for samarbeidet med alle involverte. Det blei overrekt eit flott verk med gatekunst, med melding om at verket må henge der elevane er.

Overrekking av Street art, Reidun Kristiansen.jpg

Foto: Reidun Kristiansen

Av kulturelle innslag blei det song med Christine Marøy, distriktsmusikar ved Sunnfjord kulturskule, og Erlend Os - kantor i kyrkja i Sunnfjord - på piano.  

Bjørn Lyngedal – fylkesdirektør for opplæring og kompetanse roste måten dei tre rektorane Liv Horvei, Nina Bygstad og Mats Bryne har samarbeidd på i samanslåingsprosessen av skulane. Han peika på verdien av samhandlinga mellom elevane og lærarane, og til samspelet mellom dei ulike tilboda ved skulen – og til samfunnet rundt.

Til sist vil vi få takke restaurant og matfag for flott oppdekking og nydeleg mat. Vi kan også oppsummere med at det har vore ei høgtideleg og fin opning av ein framtidsretta og spennande skule.