Hopp til hovedinnhold

Om Førde vgs

Foto frå korridor2 breiddeformat.jpg

Frå hausten 2023 blir Mo og Øyrane (MOY) og Hafstad vgs slått saman til ein skule: Førde vgs. Skulen blir geografisk todelt, med skuledrift på Mo og i nybygget i Førde sentrum.

Ved Førde vgs har vi høge ambisjonar for læring og utvikling. Skulen ønskjer å legge til rette for eit trygt og godt læringsmiljø der du som elev får utvikle deg både fagleg og sosialt. Vi har som mål at du lærer å tileigne deg kunnskap sjølvstendig, utviklar evne til kritisk tenking, og til å reflektere over eiga læring og utvikling.